Debatt
GUDS ORD: Guds ord er ikkje eit kaldtbord der eg kan velja det eg har lyst på og vraka det som passar meg mindre, skriv Øyvind Samnøy.
Johannes Lavik
Merkeleg om underordning
Ein skal høyra mykje før øyro dett av, heiter det. Og i debatten som har gått om underordning synest eg dette ordtaket vert oppfylt. Eg dreg fram nokre døme:
Kari Fure skriv 4. juni at ho har prøvd å underordna seg, men fekk det ikkje til. Dermed forkastar ho heile den apostoliske formaninga, om eg forstod ho rett.
Ståle Schrøder Heggset lagar 8. juni eit skilje mellom ordningsspørsmål og vedkjenningsspørsmål, der orda om underordning ikkje er bindande i vår tid. Det er ei snodig lære for å setja dei apostoliske formaningane ut av kraft.