Menneske og biologisk kjønn
Det er nokre ting som har vore sjølvsagt og udiskutabelt i alle kulturar til alle tider. Mellom dei mest sjølvsagde tinga er at alle menneske har eit biologisk kjønn, og at det er anten mann eller kvinne.
Rett nok er det nokre få som har ei subjektiv oppfatning av sitt kjønn som strir mot det biologiske, og det er nokre få som vert fødde med kjønnsorgan som avvik frå det biologisk vanlege. Dette har gitt utfordringar for dei det gjeld, men det har ikkje vore normativt eller styrande på noko måte for samfunnet. Samfunnet har alltid tenkt ut frå det biologiske.
Ser ein på historia, er det mangt som kan seiast om forholdet mellom mann og kvinne, og at kvinna ikkje har fått sin rettmessige plass i forhold til mannen. Det har likevel ikkje rokka ved det biologiske forholdet, og måten mann og kvinne slik utfyller kvarandre på.
Det har rett nok skapt ei kvinnerørsle som gjennom ulike fasar har lagt vekt på like rettar og likestilling, og som til sist gjorde krav på kroppen på ein slik måte at fosteret vart omtalt som ein del av kvinnekroppen.