INNVANDRING: Eg saknar sanning, edruelegheit og audmjukheit blant kristne leiarar og politikarar i innvandringsdebatten, skriv Torgeir Tønnesen. På biletet ser vi KrF-leiar Knut Arild Hareide og nestleiar Dagrun Eriksen.

Kristenleiarar med naiv og ukristeleg flyktningpolitikk

Skal vi fremje kristen toleranse og nestekjærleik på ein slik måte at vi let ein snillistisk politikk, og ynskje om urealistisk integrering øydeleggje vår eigen kultur?

Frå KrF sitt landsmøte 10. mai, såg vi i Dagsrevyen Karl Johan Hallaråker, teolog og indremisjonsleder, saman med partileiar Dagrun Eriksen, gå inn for å ta inn fleire tusen nye kvoteflyktningar frå Syria.

LES: KrF setter foten ned for søndaghandel

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slike utspel meiner eg er heilt uansvarleg politikk og er ikkje bærekraftig, korkje økonomisk eller sosialt for komande generasjonar. Det aller mest uansvarlige med dette, er at som kristen-leiarar bør ein ha nokolunde teologisk dekning for sine frimodige forslag til Stortinget.

Dei nemnde leiarane i KrF, saman med Knut Arild Hareide og mange andre med dei, byggjer ofte argumentasjonen sin på kristen plikt-etisk «nestekjærleik» «rausheit og hjelp til dei som treng det mest». «Godleik, forplikting og barmhjertigheit» er typiske ord som vert brukte i KrF sin retorikk.

Spørsmålet er då om vi kan bli rause nok, og ha godt nok samvit om vi tek inn 100.000, eller ein million flyktningar til Noreg? Det vil eg gjerne ha eit svar på av Hallaråker. Alle tenkjande menneske meiner at ein plass går grensa, for kor mange innvandrarar vi kan ta imot i Noreg, men no ser vi blant politikarane våre, at dei byd over kvarandre i moralisme og rausheit, og bruk av pengar.

Kva er så problemet med for høg innvandring? For det første at det er moralsk feil. Arnulf Torbjørnsen, tidligare Røde Kors-sjef i 20 år og leiar for Leger utan grenser, sto fram i Dagsrevyen 4. juni og sa at vi har «plikt til å hjelpe, der det er mest effektivt». «Dess nærmare, dess betre» var formuleringa han brukte. Det han med andre ord spør om, er om vi skal la millionar av menneske svelte og døy der ute, medan vi bruker milliardar av kroner på 8000 «heldige» kvoteflyktningar her heime?

Terje Tvedt, professor og forskar på utviklingshjelp og nødhjelp, sa i Dagsrevyen nyleg: «Når vi har så mange milliardar å bruke på nødhjelp, kvifor då bruke dei i høgkostlandet Noreg?» Når politikarar vil hjelpe både ute og heime, vert dette feil ifølge ekspertar og forskarar. Det finst store landområde i Tyrkia, Egypt og Jordan som midlertidig huser millionar av menneske, og myndigheitene i desse landa er meir enn villige til å ha dei buande, dersom dei får pengestøtte frå vestlige land.

Å ta inn 8000 flyktningar til Noreg, vil gå på bekostning av dei fleire millionar som manglar mat og vatn der nede. Der kan Noreg kan kome inn med pengar og hjelp, hevdar ekspertane. Spørsmålet mitt er om KrF-politikarane veit noko meir enn desse ekspertane veit. I så fall, har dei det frå kristen lære og etikk?

Bibelen seier at «Gud sette grenser mellom folkeslag og nasjonar, for at dei skulle bu innanfor sine grenser, og der søkje Gud» Apg. 17. Det har vore prøvd før, dette med globalisme og eitt språk, det var då menneska bygde Babels tårn. Dei ville prøve og nå himmelen, men eksperimentet gjekk ikkje så godt.

Derfor gav Gud dei ymse språk og grenser å bu innanfor. Dette er den bibelske forståinga av nasjonar, kulturar og språk. Så talar Guds ord også om flyktningar og om «framande» som skulle få lov å bu i landet. Her er det mange kristen-leiarar går vill i teologien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At ein skal hjelpe forfølgde og framande i bibelsk forstand, betyr ikkje at ein skal øydeleggje sin eigen kultur og økonomi. Bibelen lærer at ein skal hjelpe «så langt det er mogleg». Det er anden i Bibelen, summen av Guds ord. Det er ikkje «mogleg» for Noreg, om vi har aldri så mykje pengar på bok, å hjelpe all verdens flyktningar.

Bibelen lærer også at det vert stilte krav til dei «framande», bla at dei ikkje skal motsette seg landets lover og religion. Når KrF politikarar vil være så barmhjertige mot alle, motivert av kristendom, vil dei være snillare enn Gud sjølv er, og dei set seg over Guds vilje og allmakt. Dei perverterer Guds ord og teologien i godleikens namn.

Utan å nemne noko om konsekvensane som ukontrollert innvandring vil få, går kristenleiarane frimodig inn for å bruke titalls milliardar av folkets pengar til innvandring. KrF politikarar synes å være uvitande om alle forskjellige kategoriar som kjem inn til Noreg på ulike grunnlag: Mange ulovleg innsmugla, nokre på familie-gjenforening, asylgrunnlag, flyktninggrunnlag, einslige, kvoteflyktningar frå FN, forfylgde homofile, generell arbeidsinnvandring og dei med midlertidig opphald. «Alle» vil til Noreg og vesten, men å ta inn alle som vil inn, er ikkje noko anna enn kollektiv sjølvskading og sjølvutsletting.

KrF sin politikk er difor u-etisk og uansvarlig, men det blir neste generasjon som må betale prisen i form av parallelle samfunn, arbeidsløyse, boligmangel, kriminalitet, fattigdom og gettoar. Mange politikarar, særlig frå KrF manglar realisme og bakkekontakt når dei snakkar om «mangfaldet og rikdomen» ved å bu saman i ulike kulturar.

Kultur betyr faktisk det motsette av likskap. Ulikskap og særeigenheit. Særeigenheit er typisk for ein kultur, og få vil gje slepp på sin eigen kultur. Når vi prøver og «fornorske» andre kulturar vert det nesten latterleg med tanke på kor liten den norske kulturen er i verdsmålestokk. Konsekvensane av ukontrollert innvandring er tvert imot, at det «norske» vert fortrengt. Vår historie og tradisjonar, våre verdiar, vår tru og religion, våre seder og skikkar og ritual vert raskt fortrengt. Vi kan lese i media at 3000 nordmenn har nyleg konvertert til Islam.

Få, om nokon i det heile teke, brukar begrepet «integrering av innvandrarar» slik ein gjorde før. Ein kan til dømes ikkje byrja å «integrere» 30 prosent av Oslos befolkning som er innvandrarar, og gjere dei «norske». Det er fordi vi nordmenn vert sjølv påverka og delvis «integrert» inn i andre kulturar og religionar i vårt eige land. Politikarar snakkar ofte om fleire likeverdige kulturar som skal nesten tvingast til å leve saman. Men det lærer altså ikkje bibelen.

Det nytter ikkje å ville forkynne evangeliet for folket, og samtidig ta ifrå folket sin eigen kultur og identitet og suverenitet. Vi klarer ikkje å forandre verda med misjon, slik alle vi kristne skulle ynskje. I frustrasjon over dette, prøver no altså Hallaråker og andre politikarar å gjere verda betre ved å skape globalisme og fleirkulturisme.

Dette vert ein draum, ein fantasivisjon, etter mi meining. Alle vil eigentleg ha kulturell identitet. Eksperimentet med å sause alle folkeslag og kulturar saman i ein stor graut, har for lengst begynt, men eg trur ikkje det vil gå bra til slutt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skal vi fremje kristen toleranse og nestekjærleik på ein slik måte at vi let ein snillistisk politikk, og ynskje om urealistisk integrering øydeleggje vår eigen kultur?

Gud har ikkje behag i politikarars velmeinande argumentasjon. Gud har behag i rettferd for alle som treng hjelp i naud, ikkje berre dei som klarer å komme seg på ein båt til Europa. Gud byggjer framtida, men ikkje bygd på impulsive kjensler som oppstår i politikarars hjerte. Politikarar kan ikkje fjerne synda og problema i verda med politikk utan retning og utan plan.

Dagens KrF-politikk er ikkje kristeleg. Eg saknar sanning, edruelegheit og audmjukheit blant kristne leiarar og politikarar i innvandringsdebatten. Høyr på dei som har greie på det. Det er ingen skam å snu.

Les også
USAs høyesterett gir grønt lys for homoekteskap
Les også
Carl I. Hagen tapte gullpensjonen
Les også
Solberg: Trenger EU-bevegelse om EØS-midlene
Les også
KrF set foten ned for søndagshandel
Les også
Erna Solberg: En grotesk hendelse