«...medan Kvirinius var landshøvding i Syria»
Det er klar samanheng mellom jul og Syria og Egypt. Det står – som overskrifta viser - om Syria i juleevangeliet. Og rett etterpå om Egypt som fristaden for den heilage familien. Det er verdt å ha i sinne også denne jula.
Bispemøtet ba onsdag 14. desember om eit juleamnesti for flyktningar som ventar på å bli sende tilbake til landa dei kjem frå. Og dei ba om at regjeringa etterpå må revurdera den praksisen ein har lagt seg på. Det er eit godt døme på korleis vår tru er kopla saman med heilt nære utfordringar. Svære humanitære kriser utfordrar vår norske sjølvforståing:
Kva slags samfunn vil vi vera?
Korleis vil vi forvalta våre humanitære tradisjonar, som har slått ut i sterk misjonsverksemd, i stor bistands- og nødhjelpsaktivitet og i eit vedvarande fredsengasjement?