| Debatt
Me kunne trengja ein Trump
PRESIDENT TRUMP: Trumpistane har god grunn til hovera og seia: «Kva var det me sa?», skriv Jostein Sandsmark.
Alex Brandon / AP / NTB
Det har vore synd på trumpistane. Dei har måtta liggja lågt i terrenget og har berre sjeldan våga å stikka hovudet fram. For sto du fram til støtte for Trump, måtte du anten vera dum eller galen, helst begge delar.
Nå har terrenget endra seg. Trump går frå siger til siger i aust og vest. Han glattar ned uro og kontroversar mellom statar i Asia, Midtausten og Afrika, og får i stand avtalar mellom stridande partar. Han knerta atombombefabrikken til Iran, noko ingen annan torde eller makta, og verda kunne pusta lettare.
På heimebane er det like eins. Lovnader før valet set han i verk og lukkast med. Økonomien, som var i sterk ubalanse, har snudd. Produksjon og sparetiltak aukar, og folk kjem i arbeid. Innanfor USA var det ei lang rekkje med organisasjonar med tusenvis av tilsette som tappa samfunnet for store verdiar, men hadde ein tvilsamt leverett og var neppe liv laga. USAid sløsa bort millionar på dei mest tåpelege føremål heilt bort til Burma. Her har det vore storreingjering og milliardar spart.