Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| I Fokus

Me forstod

FØREDRAGSHALDAR: Ikkje eit Guds ord vart nemnt, men det var ei kristen ånd som prega mannen, han vitna utan ord, skriv Gudleik Himle.
Publisert

Var og høyrde ein som hadde foredrag om noko heilt jordisk, materielt. Etter foredraget snakka fleire saman og undrast. Han der må vera ein kristen. Ikkje eit Guds ord vart nemnt, men det var ei kristen ånd som prega mannen. Dei som hadde fått han til å ha foredraget fekk spørsmål om han er ein kristen. Dei spurde han. Ja, han var ein kristen.

Du merka det, ja, han vitna utan ord. Det vart uttala om ein forkynnar som sjølv klaga over at det var vanskeleg å koma med eit personleg vitnemål i preikene.

«Me merkjer at han har personleg kjennskap og erfaring i det han talar om.» Ja, me merka at det ikkje var teori, men liv, noko han levde i og av.

Powered by Labrador CMS