For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

VELKJENT: Som 45-åring innser eg at bedehuset har forma meg på måtar eg vil bruke heile livet på å forstå, skriv Tore Hjalmar Sævik.

Lyset, lydane og luktene på bedehuset gløymer eg aldri

Oldefar min var ein pådrivar for å få reist Remøy og Sævik bedehus. Etter 100 år merkar eg framleis følgjene.

Publisert Sist oppdatert

Sist veke var eg med på noko av det mest allminnelege og samstundes noko av det mest spesielle eg har gjort som journalist. Kollega Tarjei Gilje og eg reiste til bedehuset der eg vaks opp. Der skulle vi spele inn podkast, for første gong sidan huset opna dørene i 1925.

Som gjest hadde vi historikar Andreas Tjomsland som er stipendiat ved Høgskulen i Volda. I vår har han levert doktorgradsavhandlinga si om indremisjonsrørsla på Nordvestlandet på 1900-talet.

Bygdefolk frå Remøya, samt nokre frå andre øyar i Herøy kommune, kom for å høyre på. Sjølv var eg også ein slags gjest. Likevel var eg meir heime enn eg kan bli dei fleste andre stader.

Powered by Labrador CMS