🌱 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Lykkelig gift, eller lykkelig kristen?

GLEDE: Eg gleda meg berre i Han så lenge eg framleis trudde mine andre draumar ville gå i oppfylling, skriv Benjamin Kleiveland.
Publisert

Eg vil forsøke å leggje til grunn eit anna perspektiv i debatten om korleis forholde oss til kristne med likekjønna tiltrekning. Det berører korleis me burde sjå på kristne med både homofil og heterofil tiltrekning, og spesifikt tanken om «behovet» for ein livsledsager:

Om du ikkje klarer å sjå for deg eit lukkeleg liv som ugift, saman med Jesus, så er ikkje Jesus din djupaste glede. Då er det noko anna som tek større plass i hjartet enn Han. Det same kan seiast om materielle goder: Om du ikkje klarar å sjå for deg eit lukkeleg liv med Jesus i fattigdom, har du ikkje Gud på riktig plass.

Om Gud kallar deg til å selje alt du eig og gje det til dei fattige, er du då villeg til å gjere det, med tru på at livet med Han er betre enn livet med materiell rikdom? Svaret vil fortelje deg kven som er din Herre. (Mark 10:21)

Powered by Labrador CMS