Synspunkt
LYKKELAND: Samtidig teiknar serieskaparane eit nyansert bilete, til dømes i av personen Toril, som både bryt og ikkje bryt med bedehuset, skriv Kjetil Aano. På biletet ser vi Christian Nyman (Paal Herman Ims), Toril Torstensen (Malene Wadel), Marius Torstensen (Ask Henrik Oftedal).
Ieva Jura, Maipo Film/NRK
Lykkeland og bedehusland
Serien Lykkeland teiknar eit spennande og nyansert bilete av møtet mellom den nye verdsvide oljekulturen og det provinsielle Stavanger – inkludert bedehuskulturen.
Serien får med seg mange sider av dei omfattande samfunnsmessige endringane har skjedd på kort tid, så som individualisering, globalisering, og kvinners likestilling - særleg i yrkeslivet – alt overrisla av ein nesten utruleg velstandsauke. Dette gjeld også skildringane av endringar i dei kristne miljøa.
Endringar
Eg saknar likevel litt: Det blir noe grått. Dei kristne miljøa i Stavanger var monaleg større og mindre traurige enn det som blir teikna i serien. Bedehusa var fulle – og fulle av folk i 20-40-åra.