Luther – ein gedigen salmediktar

Ser ein meir nøye gjennom salmane hans, spenner nauda frå den daglege kampen ein kristen har med sin eigen syndige natur, men og med den motstand ein møter for trua. Og dessutan djevelens makt, og dødens sterke krefter.

Saman med katekismene og bibelomsetjinga er det gjennom sine salmarLuther fekk sterkast gjennomslag, og nådde inn til den jamne mann og kvinne.

Me må vera klar over at på denne tida var det eit fåtal som kunne lesa og skriva. Korleis kunne ein då få tak i den evangeliske sanninga?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jo, gjennom å høyra forkynning, lære katekismeforklaringane utanboks – og ved å syngja salmar med folkelege melodiar. Det siste nytta reformasjonen sine poetar seg av, og Luther var ein av dei fremste, også som poet.

Dessutan var han musikalsk, og sette difor musikk til fleire av dei salmane og songane som han skreiv. «Vår Gud han er så fast ei borg…» er eit eksempel i så måte.

Luther skreiv både tekst og melodi. Dei nye salmane stimulerte korsongen i kyrkjene, og me fekk mange framståande kyrkjemusikarar i Tyskland på denne tida. Johann Walter var ein av dei som stod Luther nær.

I 1524 gav han ut Geistliche Gesangbuchlein med 38 salmar, 24 av Luther. Frå 1524–46 kom det ut om lag 100 salmesamlingar frå dei evangeliske, ofte i store opplag. Salmesong blei difor eitt av dei sterkaste pulsslaga i reformasjonsrørsla. Det trengde ikkje berre inn i kyrkjene, men i skular og i heimane.

I samband med at to munkar, som hadde gått over til den evangeliske leiren i Antwerpen etter bannlysinga i Worms, blei brende på bålet, skreiv Luther ei vise om dette martyriet. Den blei trykt i store opplag, og visa blei sungen over store deler av Tyskland og Nederland, med stor innleving og engasjement.

I Den katolske kyrkja på denne tida hadde songen tagna hos dei som samlast. Songen var overlat til kyrkjekoret, og den var på latin – ikkje på folkespråket. No fekk dei som samlast sjølv gripa tonen og syngja på sitt eige morsmål etter folkelege melodiar.

Difor blei også stemninga og deltakinga i den nye messa forandra. Gudstenesta blei deira eiga. Tenk, evangeliet blei uttrykt på deira eige mål!

Det er Gud alt dreier seg om i Luther sine salmar. Gud er vår faste borg, og han hjelper oss i naud og sorg. Mennesket sin situasjon er prega av naud. Luther vender stadig tilbake til denne uttrykksmåten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ser ein meir nøye gjennom salmane hans, spenner nauda frå den daglege kampen ein kristen har med sin eigen syndige natur, men og med den motstand ein møter for trua.

Og dessutan djevelens makt, og dødens sterke krefter. Gud frir oss ut frå all naud. Det betyr ikkje at det vonde blir knipsa bort, men at Gud involverer seg til beste for den som trur.

Gud er «midt i livet», seier Luther. Kristus er Guds bilete, og han gjekk inn i vår verd og blei prøvd i alle ting. Som han blei prøvd, må me prøvast. At Gud talar til oss betyr at han handlar, grip inn og gjer noko med vår naud. Gud føder oss på nytt, tilgir, gir liv, vern og utfriing.

Som munk las Luther stadig frå Psalteret, det vil seia, Salmane i Det gamle testamente. No skriv han salmar som er ei gjendikting av desse salmane, men slik at dei er nytta på hans samtid og den protestantiske kyrkja sin utfordrande situasjon.

Men han skriv også kyrkjeårs-salmar der dei ulike tema i kyrkjeåret blir løfta opp. Særleg konsentrerer han seg om jule-underet og påske-hendinga. Men også pinsa er i fokus.

Men han har også kateketiske salmar, eksempelvis ein Credo-salme og ein salme der han går igjennom dei ti boda. Ved å dikta truvedkjenninga på versemål – og likeeins boda, har han gjeve kyrkjelyden ein reiskap til å hugse barnelærdomen.

Luther var musikalsk, og kunne traktere sin lutt. Han hadde høge tankar om musikken sin verdi for den einskilde og fellesskapet.

Slik skriv han om Fru Musica: 
Av alle gleder her på jord 
Er ikke en så fin og stor 
Som den jeg gir deg med min sang 
Og med all verdens deilig klang. 
Der finnes ikke slett humør 
Hvor godtfolk synger, bare hør: 
Sor, sinne, krangel, hat og nag 
Forsvinner brått som natt for dag, 
Misunnelse og alt som tynger 
Fordamper sporløst mens du ­synger.