☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| I Fokus

Liturgi er ånd

NATTVERD: Dei kristne overtok viktige delar av sitt ritual frå den jødiske gudstenesta. Til dette kom nattverd-feiringa som henta grunnelement frå Jesu innstifting på skirtorsdag, skriv Ottar Mikael Myrseth.
Publisert

Vi lever i ei tid då individ er viktigare enn kollektiv, person meir enn fellesskap. I kyrkja må vi lære det motsette. Å feire messe handlar ikkje om mi agefulle teneste for Gud. Liturgien er kyrkja si offentlege handling i fellesskap. Her vert eg innlemma i ein høgare einskap som frigjer meg frå eigne bekymringar og lærer meg åndeleg disiplin. Her vert disiplar disiplinerte som lemer på same lekam.

Heilt frå starten har dei truande feira messe som felles ritual, det vil seie etter faste mønster repeterte frå gong til gong.

Dei kristne overtok viktige delar av sitt ritual frå den jødiske gudstenesta. Til dette kom nattverd-feiringa som henta grunnelement frå Jesu innstifting på skirtorsdag. Tidleg utvikla det seg liturgiske «familiar» knytt til dei kyrkjelege hovudsentera. Messeritual er såleis ikkje program oppfunne av oss, ikkje konstruksjon vedteken av kyrkjemøte, men vår åndelege arv, overlevert i generasjonar. Det kallar på ærbødig mottaking så tradisjonen kan utfalde seg i vår generasjon.

Powered by Labrador CMS