Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

NYNORSKOPPLÆRING: Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom, skriv Peder Lofnes Hauge.

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Publisert Sist oppdatert

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er avgjerande både for at framtidige nynorskelevar får ei god opplæring og for at ein skal kunne oppnå ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

I november lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, og særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten slår fast at lærarstudentar utan norsk i fagkrinsen som skal bli lærarar og som ikkje tek utdanning innanfor norskfaget, svært sjeldan får vurdert nynorskkompetansen sin i løpet av utdanninga.

Rapporten viser òg at fleirtalet av uteksaminerte lærarstudentar har utdanninga si frå lektorutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette er utdanningar der rammeplanen, i motsetnad til grunnskulelærarutdanningane, ikkje stiller krav om nynorskkompetanse hjå studentane. Resultatet er at nynorskelevane som skal ha opplæring på skriftspråket sitt i alle fag, får nyutdanna lærarar som ikkje er trygge i å skrive eller undervise på nynorsk.

Powered by Labrador CMS