Johannes Kleppa

Kyrkje og misjon – dåp og tru

I artikkelen «Den norske kirkes misjonsforståelse» svarar Knut Hallen og Berit Hagen Agøy på vegner av Samarbeidet Menighet og Misjon (SMM) og Mellomkirkelig råd (MRK) på nokre spørsmål og ufordringar eg reiste i Innspel 20. november.

Eg har hevda at det måtte vera spenning eller motsetning mellom det SMM-leiaren og det MKR-generalen tidlegare hadde uttalt kvar for seg. Sjølv om dei no seier at det ikkje er det, men at dei «tydeliggjør ulike sider ved luthersk forståelse av sammenhengen mellom dåp og tro», har eg vanskar med å sjå at det går i hop. Det heng nettopp saman med spørsmålet om dåp og tru i luthersk lære.

Som overtydd lutheraner, har eg ikkje problem med å ta utgangspunkt i dåpsspørsmålet. Det som like fullt då er avgjerande, er at ein kjem til rette med trusspørsmålet. Det er særleg viktig når ein talar om dette i ein folkekyrkjesamanheng der alle medlemmane er døypte, og alle formelt sett har den same posisjonen i Dnk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når Hallen og Hagen Agøy skriv om kva som skjer i dåpen, og konkluderer med at «alle døpte er fullverdige og likeverdige medlemmer» av Dnk, gjer dei det utan å seia eitt ord om trua. Dei fører så dette vidare til at «alle døpte» er sende av Gud for å driva misjon. Det vert sagt at det trengst trusopplæring, men kallet til omvending vert avgrensa til «den daglege omvendinga», altså det som gjeld helgingslivet, ikkje omvending i tydinga at ein går over frå døden til livet, altså vert eit Guds barn. Heile tankegangen i framstillinga er at alle døypte har liv i Gud, men må få opplæring. Det bryt etter mi vurdering radikalt med ei sann luthersk dåpsforståing, og det gjer den norske folkekyrkja til noko anna enn ho er.

Dette vert sett på spissen ved utsegna om at «alle døpte både (er) misjonærer og misjonsmark». Det er ei omdefinering av både misjonsmark og misjonær i høve til slik desse omgrepa historisk er brukte, og det er ei tilpassing til Dnk som folkekyrkje.

Denne tankegangen undergrev etter mitt syn både omvendingsforkynninga innover i Dnk og bibelsk misjonsforståing, og det ufarleggjer det Hagen Agøy tidlegare har sagt om forkynning av krossen og omvending innover i Dnk. I lys av dette er det ikkje så underleg at Hallen og Hagen Agøy heilt går utanom den utfordring eg gav til MKR-generalen om å forklara kva ho legg i å forkynna krossen, særleg med tanke på den teologiske situasjonen som homofilispørsmålet skaper i Dnk.

Les også
Den norske kirkes misjonsforståelse
Les også
Kristeleg Folkeparti – nominasjon og tillit
Les også
Tenk om igjen, Kleppa
Les også
Den rette døren
Les også
Misjon – til frelse eller samfunnsendring?