Johannes Kleppa, skribent.

Kristeleg Folkeparti – nominasjon og tillit

Eg er overtydd om at Kristeleg Folkeparti (KrF) gjorde eit stort feilsteg då partiet fjerna vedkjenningsparagrafen. Det var ei svekking av sjølve beresøyla i partiet, slik partiet vart forstått av dei som skipa det – og som ville ha «kristne menner» på Stortinget. Dei var meir opptekne av at dei hadde kristne personlegdomar som talsmenn i tingsalen enn av partiprogrammet.

I debatten vart fjerninga av vedkjenningsparagrafen forsvart med to hovudargument.

Det eine var at den forpliktinga som ligg i den nye paragrafen, er sterkare enn det som låg i den gamle, fordi no er det ei saksretta og ideologisk forplikting, ikkje ei trusretta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er eg usamd i, men om poenget var styrking, ikkje endring, trong ein ikkje stroke vedkjenningskravet, ein kunne berre føydd til det nye. Det vil nok over tid, og truleg nokså raskt, visa eg å vera ei endring i engasjement og argumentasjon, altså ei ideologisk kursendring. Utvalet av personar på vallistene vil avspegla det.

Det andre var at i eit politisk parti, går det heile på tillit. Dei som i standpunkt og liv opptrer mot det partiet står for, får ikkje posisjonar.

For eit kristent parti vil det også omfatta kristen tillit. Det ville altså også i framtida vera slik at det var folk som står for det KrF etter sitt program vil arbeida for, som får tillitsverv og posisjonar på ulike nivå. Dette er nokså sjølvsagt, men det store spørsmålet er då korleis partiet profilerer seg og kva KrF legg vekt på i tillitsspørsmålet. Der vedkjenningsforpliktinga er borte, og lojalitet har kome i staden, har det skjedd ei endring og nedtoning i spørsmålet om tillit.

Det store testspørsmålet på dette punktet er for tida ekteskapslova og det vi kallar «heteronorma». Dette er tydeleg formulert i KrFs program, men det synest ikkje å ha tilsvarande prioritet i praktisk politikk og i spørsmålet om tillit.

Det er eit dårleg signal når det i budsjettforhandlingane vart løfta fram som prioritert å gje støtte til ein organisasjon som aktivt og på brei front motarbeider det som ligg i skapinga av mennesket i Guds bilete som mann og kvinne.

Det som gjev enda større grunn til uro, er nominasjonen i Oslo. Der ein person som lever i homofilt «ekteskap», og som aktivt støttar den lova KrF etter programmet er imot, har fått plass på vallista.

Kva tillitsvurdering ligg til grunn for slikt?

Når vi her talar om tillit, går det sjølvsagt ikkje på det personlege planet, men på det politiske, altså på det vedkomande står for i sentrale etiske og ideologiske spørsmål.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når folk som fremjar det alt bibelforplikta kristenfolk verda over meiner er bibelstrid, skaparstridig og samfunnsstridig, får politisk tillit i eit kristent parti, må det ha skjedd noko fundamentalt i spørsmålet om tillit.

Sjølv om dette kan seiast å vera eit ministeg, fører også små steg fram – om dei ikkje vert stogga.

Her kan du lese flere innspill fra Johannes Kleppa

Les også
Tenk om igjen, Kleppa
Les også
Misjon – Økumenikk og Den norske kyrkja
Les også
Den norske kirkes misjonsforståelse
Les også
Den nye haugianismen
Les også
Den rette døren