Johannes Kleppa Foto: Dagen-arkiv

Misjon – Økumenikk og Den norske kyrkja

Det er ein del ting som skjer i norsk kristenliv som eg ikkje forstår. Ting som for meg synest å vera på kollisjonskurs, verkar å gå parallelt. Konferansen Agenda Ut i Stavanger sist helg har aktualisert noko av dette. Det var ein breidt opplagt misjonskonferanse.

Landet vårt har ei rik misjonshistorie knytt til frie kristne organisasjonar og ulike frikyrkjer. Det har vore ein del av tenkinga og praksisen at Dnk ikke skulle ha nokon organisatorisk plass i misjonsarbeidet, fordi det dreidde seg om ei folkekyrkje med varierande og flytande teologi og forkynning. Ein ville sikra at misjonsforkynninga og misjonsoppdraget vart utført på trygg bibeltru basis, og at misjonen vart dei brennande hjarto si sak.

Les reaksjon fra Knut Hallen: Tenk om igjen, Kleppa

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Underleg nok er det slik at etter kvart som Dnk har vorte meir liberalteologisk og bibelkritikken har fått større rom, har Dnk vorte stadig meir inkludert i misjonstenkinga. Ei kyrkje som forsvarer homoseksuelt samliv har brått fått ein posisjon i høve til dei fri organisasjonane og frikyrkjene som ho aldri før har hatt, og talspersonar for dei kyrkjelege råda er sentrale aktørar i ulike misjonsarrangement.

Tilsvarande er det i høve til Kirkenes Verdensråd, sjølv om det derifrå ikkje kjem positive implusar som ein ikkje kan henta frå Lausanne-rørsla eller andre tydelege evangeliske samanhengar. Kven kan forklara meg denne utviklinga, og forsvara henne ut frå bibeltrue misjonspremissar?

Under Agenda Ut sa generalsekretæren i Mellomkirkelig råd (MKR), Berit Hagen Agøy, ein del om krossens plass i forkynninga og om forkynninga i folkekyrkja, som både overraska og gledde fleire kristenleiarar – sjølv om det ho sa burde vera heilt sjølvsagt å seia for ein kyrkjeleiar. Det er jo fint at det sjølvsagde kan gleda, men det er samstundes til ettertanke!

Det som eg ikkje forstår med tanke på MKR-generalens utsegner, er korleis desse kan gå saman med at den kyrkja ho representerer, aksepterer homofilt samliv, altså at slikt samliv ikkje er synd, og at Dnk står på terskelen til å legitimera dette som ekteskap og alt velsignar det. Korleis er dette mogleg å sameina med ei tydeleg evangelisk-luthersk forstått forkynning av krossen, altså ei forkynning av lov og evangelium? Er det nokon som kan forklara meg det?

Det er stort fokus på økumenikk, og det forklarer også noko av grunnen til breidda bak ulike misjonskonferansar, der Dnk får sin plass med all sin ubibelske teologi. Det vert også sagt at økumenikk er like viktig som misjon. Det forstår eg heller ikkje. Det er å samanlikna storleikar som ikkje kan samanliknast, og det kjem ikkje til rette med at det viktigaste av alt er at folk vert frelste. Kven kan forklara meg denne samanlikninga?

Les også
Tenk om igjen, Kleppa
Les også
Jo, det er farleg å tena mykje pengar
Les også
Den nye haugianismen