Det store korset utenfor Kirkelandet kirke i Kristiansund. Foto: Johan Hansson / CC / Flickr

Kvifor vi feirar pinse

Vi har bak oss meir enn 1.000 år med kristen arv her i landet, men forventar ikkje at befolkninga veit særleg mykje om kva kristen tru handlar om, skriv Dagen på leiarplass.

Det var neppe mange som heva augebryna då NRK Dagsrevyen søndag fortalde at få av dei spurde visste kvifor vi feirer pinse.

Det hadde truleg vore ei større overrasking om den eine etter den andre kunne fortelje at Den Heilage Ande ifølgje kristen tru vart sendt til læresveinane. Eller at denne dagen i Jerusalem nærast vart startskotet for ei misjonsgjerning som i vår tid skyt fart som aldri før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er opplysninga ein godt kan kjenne til utan å tru at Jesus Kristus er Guds Son, eller at Den Heilage Ande i det heile finst. Men ein kan få eit inntrykk av at Noregs kristne historie er så nært knytta til personleg tru at ein kan tillate seg å oversjå sentrale historiske opplysningar dersom ein sjølv ikkje deler denne trua.

Vi har bak oss meir enn 1.000 år med kristen arv her i landet, men forventar ikkje at befolkninga veit særleg mykje om kva kristen tru handlar om.

Kristendomsundervisninga i skulen har vorte trappa ned. Og som vi har lese i Dagen i det siste, ser det ut for at satsinga på RLE-faget er svært varierande rundt omkring.

Det er underleg, i ei tid kor religiøs overtyding av ulike slag spelar ei stor, og stadig større rolle, at ikkje kunnskap om vår eiga religiøse historie står høgare i kurs. Dette burde vere ei tid for å trappe opp satsinga på religionsfagleg kompetanse i skulen.

Den einskilde må sjølv velje kva han eller ho vil tru, men det bør til dømes vere naturleg at ein i Noreg kjenner til kvifor vi feirer pinse.

Kyrkja held seg ikkje med noko vell av høgtider. Det er inga umogeleg oppgåve å opparbeide seg ein viss oversikt. Likevel er kunnskapen om dei kristne høgtidane nokså ujamt fordelt.

Dei fleste veit truleg at vi i Noreg feirer jul i samband med Jesu fødsel. Ein del færre veit nok at vi feirar påske til minne om Jesu død og oppstode. Enda færre veit nok kvifor vi feirar første og andre pinsedag. Den Heilage Ande er mindre handgripeleg enn at Jesus vart fødd, døydde og stod opp.

No var det ikkje ei vitskapeleg undersøking NRK hadde gjennomført. Vi skal ikkje legge for mykje i dei svara NRKs journalist fekk. Men for den saks skuld: det spørs kor lenge vi kan halde fram med å feire Kristi himmelfartsdag og første og ikkje minst andre pinsedag dersom berre eit fåtal veit kva bakgrunn desse dagane har.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kulturministeren forsikra NRKs sjåarar om at det ikkje finst planar om å stryke raude dagar frå den norske kalenderen. Det er sjølvsagt ikkje nokon garanti mot at slike planar kan kome.

For vår del vil vi naturlegvis løfte fram kor viktig pinsa er for den kristne kyrkja. Om ein er luterhanar, pinseven eller noko anna, er alle kristne i Noreg resultat av at Den Heilage Ande har opna veg for evangeliet.

Våre drygt 1.000 år med kristen arv er derfor nært knytta saman med feiringa av pinsa. Det er viktig å spreie kunnskap om pinsa mellom folket. Men enda meir er det naudsynt at kyrkja held oppe medvitet om pinsa mellom dei truande.

Les også
Kirken ringte pinsen inn – folk klaget til politiet
Les også
Pinse og Anden – misjon og profeti"
Les også
Varmt pinsestevne i JudafjellenePinsestevne Israel
Les også
Forsvaret beklager skyting som brøt pinsefreden
Les også
– Du kan ikke feire ekte pinse uten Den hellige Ånd
Les også
Blodig pinsehelg i Irak