| Debatt
Kvifor tør ikkje Noreg utfordra Mammon?
NÆRINGSLIV: For å få ein rettferdig skattepolitikk, må pengemakta utfordrast, skriv Vidar Sætre.
Lise Åserud / NTB
På dagen.no spurde eg NHH-professor Ola Grytten om kvifor Noreg ikkje kan stilla krav eller motytingar til utanlandske eigarar, for å kompensera for ulempa norske eigarar som må betala formuesskatt, får. Og fekk snøggt føljande svar: ‘For da vil utenlandske investorer sky Norge som pesten’.
Svaret var ikkje uventa, og viser framfor alt kor stor makt internasjonal storkapital har til å få fordelaktige vilkår, som bidrar til å utkonkurrera innanlandsk næringsliv i mindre land.
Eg er altså samd i at skilnaden i skattebør i favør av utanlandsk eigarskap, er eit vesentleg problem. Men eg er usamd i den borgarlege løysinga: å fjerna formuesskatten for norske eigarar; 38 mrd. i alt – om enn eg vil fjerna formuesskatten for driftsmidlar.