Debatt
VEGVALET: Knut Arild Hareide var ein av KrF-arane som ville gå til venstre.
Herman Frantzen
Kvifor hadde det vore gale for KrF å gå til venstre?
Eg merkar meg at Nils-Petter Enstad stadig er på hogget i Dagen sine spaltar og kritiserer KrF fordi partiet ikkje valde i gå til venstre i sitt vegval. Eit ordtak seier at «praksis er den beste form for teori». Den praksisen den nye regjeringa har vist etter eit års arbeid, synest eg burde klargjere for oss alle at eit slikt vegval ville vore gale. La oss berre i stikkord nemne noko av det som har skjedd.
• Så snart dei fekk nøklane til regjeringskontora stoppa dei organisasjonen Gideon å dele ut biblar til elevane i norske skular. Organisasjonen hadde då arbeidd med dette i 70 år.
• Dei sende også ut klare signal om at private skular ikkje skulle få vekse i samfunnet. Dette har fått sitt svar i desse dagar.