Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

BLACK WEEK 10 uker for 10 kroner Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill tilbudet med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

BEREDT: Direktør Elisabeth Aarsæther (bildet) i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) oppmodar alle til å lesa brosjyren og til å styrkja eigenberedskapen sin.

Kvifor beredskapsbrosjyre i posten?

Mellom 28. oktober og 1. november får alle norske husstandar ein brosjyre i postkassa med råd om eigenberedskap.

Publisert Sist oppdatert

Brosjyre på papir frå norske styresmakter? I 2024? Er det ikkje totalt utdatert? Det er i alle fall svært uvanleg, men heng med vidare, så skal du få svar.

Tidlegare i år oppdaterte DSB, i samarbeid med ei rekkje andre styresmakter, eigenberedskapsråda. Dei handlar om korleis innbyggjarane i Noreg bør førebu seg i tilfelle krise. Den største endringa er at vi tilrår at folk bør vera førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. I 2018, då vi børsta støv av befolkningsråda, sa vi tre døgn.

I tillegg har vi i år teke inn nokre nye tema – felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser – og vi har utvida råda om kritisk medieforståing og tilhaldsstader i kriser.

Powered by Labrador CMS