Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

KRITING: Når norske studentar følgjer opp si markering med å krite ned at Israel er ein folkemordstat og sionismen er ein ideologi basert på folkemord, så kriter dei ned propagandaen til dei som vil utslette Israel med ein ny og evigvarande 7. oktober, skriv Steffen Savland.

Kven er det norske studentar viser solidaritet med?

Publisert Sist oppdatert

Krigen mellom Israel og Hamas har vist at norske studentar er langt ifrå tydelege og, skal eg våge å seie, opplyste, i like stor grad som da krigen braut ut mellom Ukraina og Russland.

Ein månad etter terrorangrepet mot israelske sivile 7. oktober, så verker det til at Hamas sine gjerningar blir bagatellisert når norske studentar vel å vise solidaritet. Det konspiratoriske rykte om at Israel driver med folkemord mot den palestinske befolkninga i Gaza har fått lov til å feste seg i markeringar som er meint til å vise solidaritet med tusenar av sivile ofre og befolkninga på Gazastripa.

Eg var sjølv med på ei markering. Eg er trass alt eit menneske som kan vise medkjensle med ein befolkning som har god grunn til å frykte å bli offer for ein islamistisk rakett eller ein israelsk bombe.

Powered by Labrador CMS