PÅDRIVAR: Lista er lang over gode og samfunnsnyttige saker der KrF har vore ein pådrivar for å få gjennomført. Korleis vil situasjonen bli dersom partiet skulle falle under sperregrensa?, spør Oddbjørn Pedersen. Bilde er frå valkampbod i Karl Johans gate i Oslo.

Kva skal vi stemme på ved stortingsvalet?

Det er mange gode tilbod å velje mellom. Det er mest ikkje måte på kva som vert lova. Tilboda vekslar mellom gratis briller for mindreårige, gratis barnehageplassar, gratis på ferjer, vekk med bompengar og reduksjon av skattar og avgifter av ymse slag. Politi, helse og skule skal forsterkast. Utvinning av olje skal trappast ned og inntektene til kommunane skal justerast opp og kommunikasjonslinjene skal oppgraderast.

Korleis alt dette skal dekkjast opp er det ringare å få veta noko om. Vi eldre har lært er at det må vare balanse mellom utgiftssida og inntektssida. Kva kjem inntektene frå? I vesentleg grad må desse kome frå privat sektor, frå dei som produserer og eksporterer. Eg oftast for at mange av lovnadene vert gløymt når valet er over.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Ingen skal vera i tvil om KrF si grunnleggjande tenking

Det eine partiet etter det andre overbyr kvarandre når det gjeld reduksjon av CO₂-utslepp. Klimakrisa heng over oss. Dette er mykje viktige saker. Fåe av partia har rom for å nemne menneskeverd.

Partileiarar snakkar om å utvide grensa for rett til svangerskapsavbrot. Nokre vil sette grensa til veke 18 andre vil utvide grensa heilt til veke 22. Rettsvern for dei ufødde borna er det lite å sjå til i programma til dei fleste av partia.

Eg har merka meg fleire innlegg i Dagen. Storarta å sjå at leiarane i Indremisjonsbundet går samla inn for å stø opp om det partiet som set menneskeverd og vern av den kristne kulturarven høgast. Indremisjonsforbundet er eigar av mange friskolar og barnehagar og dei veit kva parti som er den tryggaste støttespelaren i slike saker. Eg har og lagt merke til at tre tidlegare stortingsmenn som var usamd i retningsvalet i 2018, rår til at folk gjev si stemme til KrF.

Tre tidlegare stortingsmenn som var usamd i retningsvalet i 2018 rår til at folk gjev si stemme til KrF.

Ein del av kristenfolket ser det slik at PDK er det beste partiet å røyste på. Dette partiet har eksistert gjennom fleire valperiodar, utan at partiet har fått nok røyster til å gje utteljing i form av representantar til riksstyret. Det er, etter mitt skjøn, lite truleg at resultatet vert noko annleis ved komande val. For meg er spørsmålet relevant – kvifor bruke røysta si til eit parti som ikkje vil gje representasjon?

Les også
Derfor blir det PDK og ikkje KrF

Lista er lang over gode og samfunnsnyttige saker der KrF har vore ein pådrivar for å få gjennomført. Korleis vil situasjonen bli dersom partiet skulle falle under sperregrensa? Mange kvinner og menn har sagt seg viljuge til å representere partiet vårt. Dei eg kjenner til er dyktige og har stor tillit i lokalmiljøet. Lat oss gje dei røysta vår for å sikre KrF plass i riksforsamlinga også etter dette valet.