HEIME: Kontantstøtta byggjer på foreldreretten, difor er dette så viktig for KrF slik partileiaren vår også har hevda i den første partileiardebatten, skriv innsendarane.

Ingen skal vera i tvil om KrF si grunnleggjande tenking

Vi opplever endå ein gong ein valkamp med mange ord og harde debattar. Det er ofte forvirrande å vera tilhøyrar. Av og til er det mogleg å skimta grunnsynet eller ideologien som politikaren representerer. Andre gonger forsvinn ideologien i mange ord og harde åtak på meningsmotstandarar.

Som medlemer av KrF er vi ikkje i tvil om partiet sin grunnleggjande ideologi. I programmet for komande Stortingsperiode heiter det:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«KrF er et verdiparti bygd på overbevisningen om at de kristne verdiane er det beste grunnlaget for å utvikle politiske løysingar for samfunnet vårt. Samtidig må det setjast klare grenser for politikkens virkeområde.»

Ingen skal vera i tvil om KrF si grunnleggjande tenking. Dei kristne verdiane inkludert det kristne menneskesynet er førande for partiet sin politikk. Det gjeld til dømes kontantstøtta som Ap og dei sosialistiske partia rasar mot. Kontantstøtta byggjer på foreldreretten, difor er dette så viktig for KrF slik partileiaren vår også har hevda i den første partileiardebatten. Borna tilhøyrer foreldra, ikkje staten!

Det same er førande for oppsedinga i barnehage og skule. KrF sin profil om trusfridom og vern om trus- og livssynssamfunn håpar vi også mange legg merke til ved dette valet.
 Den kristne grunnlagstenkninga syner seg på fleire andre politikkområde, til dømes i forståinga av miljøvern og klimapolitikk.

Etter kristen tenking tilhøyrer jorda vår Gud og Skapar, og vi menneske har fått ansvar for å forvalta jorda og naturen. Difor KrF vera eit tydeleg parti i klimapolitikk og miljøvern. Det nye partiprogrammet viser då også at KrF sin profil på dette politikkområdet er skjerpa og framtidsretta. Det er vi takksame for!

KrF kan ha felles tankegods med dei sosialdemokratiske partia som Ap, men skil seg likevel tydeleg ut når partiet seier at det må setjast klåre grenser for politikken sitt virkeområde. Dei sosialistiske partia synest å ha kasta foreldreretten over bord. Men for KrF er dette prinsippet om grensesetting for politikken sitt virkeområde, eit grunnleggjande prinsipp.

Dei sosialistiske partia synest å ha kasta foreldreretten over bord.

Så vil det alltid vera slik, også i det nye partiprogrammet, at vi som medlemer og veljarar, kanskje ikkje er samde i alle detaljar og konklusjonar. Slik vil det alltid vera! Vi tilstår at det er med undring vi registrerer at somme «naturlege» KrF-veljarar vurderer Sp fordi dei lovar meir av «dei nære ting». Men det er ikkje der den ideologiske kampen står med dette valet.

Til dei som er i tvil om kva dei skal stemma denne gongen, seier vi: Sjå på det kristne verdisynet som pregar KrF sin politikk! Sjå på den grunnleggjande tenkinga om forholdet mellom Staten si makt og foreldreretten!

For oss er det ingen tvil; vi gir vår stemme til KrF og vonar mange vil gjera det same, slik at vi saman løftar partiet over sperregrensa og framleis kan vera ei ideologisk kraft i norsk politikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Laila Dåvøy

Ingmar Ljones

Kristian Helland

Karl Johan Hallaråker

medlemer av Kristeleg Folkeparti