PARTILEIAR: Magne Djuvik skriv om kvifor Erik Selle og PDK vil få hans røyst i år.

Derfor blir det PDK og ikkje KrF

Eg ser at KrF sin 6. kandidat i Hordaland Magne Supphellen i eit lesarinnlegg forklara kvifor han har tenkt å røysta KrF. Det er vel ikkje noko sensasjon at ein stortingskandidat for KrF har tenkt å røysta KrF. Noko anna ville vore ein sensasjon.

Les også
Derfor blir det KrF og ikke PDK

Først vil eg gje Supphellen for at han nemner punkt i PDK sitt program der han er enig med PDK. Familiepolitikk, frskulepolitikk, kampen for menneskeverdet og å løfta den kristne kulturarven. Det er bra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Deretter kjem stortingskandidaten med nokre påstandar som er direkte feil:

1) «Samlet sett vil PDKs mange skatte- og avgiftskutt svekke statens inntekter med flere hundre milliarder». Dette er direkte feil. Han kan umogleg ha lese PDK sine framlegg til kutt.

Eg kan nemna: Avbyråkratisering, legge ned fylkeskommunen, kutte i bistand (ikkje nødhjelp), melde Norge ut av EØS og Acer, trekke Norge ut av giverlandsgruppa i Midt-Austen og trekke Norge ut av Parisavtalen.

2) «Det betyr mindre penger til blant annet skole og helsetjenester. Konsekvensen er at folk flest må betale for disse tjenestene». Dette er direkte feil. PDK vil sjølvsagt at skule skal vera gratis som i dag. PDK vil at tannlegebehandlig skal få samme finansiering som anna helsehjelp, det vil seie kun ein egenandel.

3) «De som har lave inntekter vil ikke ha råd til det de trenger, og mange vil ende opp med dårligere helse og mindre utdanning enn i dag. Vi får større forskjeller og mer fattigdom.»

Dette er og direkte feil. Ei viktig sak for PDK er bekjempelse av fattigdom. Eit viktig verkemiddel er å redusera avgiftene som er lik for alle, fattig som rik. Avgifter som KrF har vore med å innføra, til dømes CO2-avgift er med på å auka skilnadane mellom dei som har mykje og dei som har lite.

Det offentlege sine inntekter bør i størst mogeleg grad koma over skatteseddelen. I tillegg har KrF gjennom trygdeoppgjeret bidrege til at mange menneske framleis lever under fattigdomsgrensa. Gjennom landbruksoppgjeret er KrF ansvarleg for at inntektene i ei heil næring vert lågare enn andre grupper og at skilnadane internt i næringa aukar.

Dagens regjering/storting står for tidenes sløseri med skattebetalarane sine midler. Eg kan nemna bistand til nokre av verdas verste diktatur som Kina og Nord-Korea. Eg kan nemna Stoltenberg-regjeringa si månelanding på Mongstad til x antall millioner/milliarder? Solberg-regjeringa si satsing på det dei kallar Langskipet i Nordsjøen. Meiningslaust pengesløseri.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil og peika på det å bruka byråkratiet på å utgreia tullete framlegg som stans i salg av bensin- og dieselbiler. Ifølge kulturministeren skal pride inn på statsbudsjettet frå 2022.

At ein organisasjon som nyleg prøvde å øydelegga eit åpent folkemøte i regi av PDK Vestfold/Telemark skal inn på statsbudsjettet er det vanskeleg å finna ord for.

At KrF støtta dette er skremmande og vondt å lesa. Eg kunne skreve mange sider om pengesløseriet til denne regjeringa og dette stortinget. Det skal eg ikkje gjera då eg er sikker på at dette er noko folk ser.

I tusen år har kristen tru vore ein bærebjelke i det norske samfunnet. Partiet De Kristne vil at det framleis skal vera slik. Er du enig i det kan du trygt stemma Partiet De Kristne den 13. september. Eit riktig godt valg!