RIKDOM: Vi som har vakse opp i eit av verdas mest privilegerte samfunn treng i dag å lære av dei som har levd før oss. Berre då kan vi gjerne Noreg til eit betre land for borna våre. Foto: Francois Lenoir/NTB Scanpix

Kva skal vi leve av?

Dette spørsmålet har menneska stilt seg til alle tider. Her i landet har svaret dei siste tiåra framfor alt vore olje. Og nye funn har gitt håp om at oljealderen kan vare enno nokre tiår. Men vi må spørje oss sjølve kva vi vil gjere når inntektene frå oljen gradvis vert mindre.

I Fedrelandssalmen syng vi at «Noreg det ligg vel langt mot nord, og vetteren varer lenge». Det seier noko om kva for utfordringar nordmenn har levd med gjennom historia. Denne helga har mange, særleg på Vest- og Sørlandet fått kjenne naturkreftane sterkare enn på mange år.

Sjølv om denne helga er eit unnatak, veit vi at både uvêr og kulde kan gjere arbeidet vårt vanskeleg - og nokre gonger risikabelt. Men det er under desse forholda at Noreg har utvikla sitt næringsliv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er det ikkje slik at vi er i ei unik stilling i verda med tanke på naturkreftar. Men det er nyttig å reflektere over kva for tilhøve folk før oss har hatt, for å forstå kva som vart kravd av dei i oppbygginga av forskjellig næringsverksemd.

«Noreg er eit kystland og eit havland. Andletet er vendt mot sjøen, mot båten og fisken - og den siste generasjonen mot olja og gassen.» Dette skreiv Johannes Kleppa i ein omfattande gjennomgang av bokverket Norsk Fiskeri- og Kysthistorie, som nyleg er utkome på Fagbokforlaget i fem band.

LES OGSÅ: Tro, kirke og miljø

I Noreg har vi vore velsigna med rike naturressursar, og vi har teke godt vare på dei. Fisken har gjeve både arbeid og mat til mange i hundrevis av år. Oljeeventyret vi har opplevd dei siste tiåra er nærast eineståande, og det har gitt befolkninga ein kollektiv rikdom som vi kan ha nytte av i lang tid.

Men dette kjem an på korleis vi tek vare på den rikdomen vi har. Det kan ofte vere freistande å tenkje mest på det vi ønskjer oss her og no, og la fremtida ta hand om seg sjølv. Då er det nyttig å minne om det indianske ordtaket som seier at «Vi arvar ikkje jorda av forfedrane våre, vi låner henne av borna våre.»

LES OGSÅ: En skattefri rikdom

Det seier noko om korleis vi bør tenkje når det gjeld framtida. Enda viktigare er det likevel å erkjenne at både jorda og livet er gåver frå Gud. Det er derfor aller mest overfor Han vi står ansvarlege for korleis vi forvaltar det vi har fått.

Når vi les om korleis ikkje minst fiskerinæringa har utvikla seg gjennom fleire hundre år, bør vi i dag tenkje over korleis vi kan bidra til å byggje framtida, ikkje berre nyte godt av det som allerede finst.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Statsminister Erna Solberg hadde alt i fleire år før ho vart statsminister snakka mykje om kunnskapssamfunnet. I ei politisk valkamp kan dette høyrest kjedeleg ut. Men Solberg fortener ros for å ville løfte perspektivet forbi det daglege.

Historisk sett har fisken og nærleiken til kysten vore ei viktig årsak til at ikkje fleire i Noreg har svolte og vore fattige. Under til dels vanskelege forhold har folk sett høve til å leve og arbeide.

Vi som har vakse opp i eit av verdas mest privilegerte samfunn treng i dag å lære av dei som har levd før oss. Berre då kan vi gjerne Noreg til eit betre land for borna våre.

Les også
Begynnelsen og enden
Les også
Nytt på nytt venter reaksjoner på terrorhumor
Les også
Religiøse krenkelser
Les også
Ble fengslet og torturert for tegningerFribyer