NYTT SPRÅK: Vi må leita fram eit «nytt språk» som også synleggjer kvardagsmisjonærane og gir dei høve til å fortelja kva som skjer bak dei lydisolerte veggene i kyrkja. Kva med ein varm Pizzalunch med helsing frå kollegaen si forsamling, spør spaltisten.

Kva med ei oppgradering av dei friviljuge?

Ny-presten vår kom til intervjurunden. Som leiar av Bispedømmerådet lytta eg oppmerksamt. Vedkommande hadde store og gode planar, mange prosjekt og store «vyar». Men så kom eit utsegn som brente seg fast i meg for mange år.

«Sjølvsagt bruker eg ikkje av mi tid til dette, eg finn ein friviljug!» Setninga avspegla opplæringa, dei timane som var presten si arbeidstid skulle brukast rett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kven er «dei friviljuge»?

I denne samanhengen er det dei målretta trufaste kristne. Dei som tek på seg krevjande arbeid etter ein lang arbeidsdag med ein iver som avspeglar eit djupliggjande kall.

Les også
Kven var ledige i 11. time?

Dei vigsla arbeidarane møter ofte berre dei som kjem på kontoret til avtalt tid, dei er dyktige og vektlegg tryggleik og varme.

Men korleis kan vi nå ut til nye i ei tid kor kristendommen taper terreng, ja, vi ser også spirer til forfylging?

Mange ber om vekking, ber om at nye skal koma til dei heilage husa.

Vi må fortsetja bønna, og det er rikeleg med plass i vigsla lokale når Guds Ånd slår ned.

Men kvar møter vi desse potensielle nye kyrkjemedlemmene?

Svaret er: På arbeidsplassen der dei «friviljuge» arbeider og er synlege med heile seg på godt og vondt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva prioritet får desse «kvardagsmisjonærane»?

Vert dei invitert til å dela frå kvardagen sin i gudstenesta? Få koma med diskré bønne-emne?

Les også
Erfaringar frå «einsleg førstereis misjonær»

Vert dei invitert til kurs, der hovudtema er å lytta til korleis dei opplever kvardagen?

I kristen regi er det mange gode kurs, men tidspunktet og kostnad er ikkje for dei som har sekulær arbeidsgivar.

Med over 50 års erfaring som friviljug tillèt eg meg å koma med nokre råd og idear: Olja i maskineriet er å verta sett, kort sagt å få ein uttalt takk.

Ei tidlegare misjonær trekte seg etter ein gong på talarstolen i sitt lokalmiljø; ikkje ein kommentar etter mykje førebuing.

Kva om ein kollekt i månaden gjekk til dei friviljuge?

Vi må leita fram eit «nytt språk» som også synleggjer kvardagsmisjonærane og gir dei høve til å fortelja kva som skjer bak dei lydisolerte veggene i kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva med ein varm Pizzalunch med helsing frå kollegaen si forsamling?

Les også
Då Jesus dukka opp på arbeidsplassen

Korleis tek vi vare på frimot til dei unge friviljuge?

Ein ungdom skapte gode opplevingar for konfirmantane i den lokale kyrkja. Men då dei andre vennene forsvann til den store ungdomssamlinga i byen, vart det for tungt å stå åleine.

Kva om meinigheiter med mange kristne ungdommar, tilbaud å senda dei til konfirmantarbeidet i nærleiken?

Kva om meinigheiter med mange kristne ungdommar, tilbaud å senda dei til konfirmantarbeidet i nærleiken?

Det avgjerande er ikkje eigen deltakarstatistikk, men å vinna ein generasjon for Kristus.

Kan lovsyngjande søndagssamlingar verta for store?

Vågar leiinga å spørja om dei heller skulle oppmoda deltakarane til å gå på kino med naboen der det trengst å byggje «ei vennskapsbru»?

Ungdom i Oppdrag blomstrar for tida. Ungdommane sjølv har utfordra slekt og venner til å betale både for eitt og fleire år med leiartrening.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men ungdomstida er forbigåande, nokre er så ivrige at dei gløymer å posisjonere seg til ei strategisk yrkesutdanning.

Verda har aldri vert så mottakeleg for ein internasjonal arbeidsstab som nå. I dag har vi arbeid nok om vi vågar å tru at Jesus også arbeider der.