ELLEVTE TIME: Det er innhaustingstid, både i landbruk og tekstane kyrkja brukar i si forkynning. Jesus si likning om arbeidarane i vingarden vert brukt for å forklare Himmelriket, skriv Berit Helgøy Kloster om her.

Kven var ledige i 11. time?

Utfordringa i den «Ellevte-timen». Det er innhaustingstid, både i landbruk og tekstane kyrkja brukar i si forkynning.

Jesus si likning om arbeidarane i vingarden vert brukt for å forklare Himmelriket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I likninga Mt. 20 er jordeigaren ivrig i å få alt innhausta. Tidleg på dagen gjorde han lønnsavtale med dei frammøtte arbeidarane.

Men det var tydelegvis ikkje nok arbeidarar, så han var på plass for å finna fleire i dei neste tre øktene.

Uroa for ikkje å få heile avlinga inn, gjorde at han også var der i dagens siste time, og fann at det faktisk var endå nokon som ikkje hadde delteke.

Han ville gjerne vita kvifor dei stod der arbeidslause heile dagen? «Fordi ingen har leig oss», var svaret.

Då det var det tid for å gi lønn for dagens arbeid, kjem jordeigaren med ei overrasking: Ta til med dei som kom sist, dei skal ha full lønn.

Kva er det Jesus vil fortelja oss?

Svara kan truleg vera mange. Var det for å redda avlinga eller at alle skulle få ei oppleving av å vera verdsett?

Jesus lyfter opp dei som kom i den ellevte timen. Han ser dei som andre hadde undervurdert og synleggjer dei for alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva arbeid utførte desse ein-times arbeidarane?

Mykje rimeleg tok dei «etterraksten», såg dei druene som var skjult under lauvet, eller hadde falt av frå overfylte korger?

Vi har nettopp fått ein FN-klima rapport som skakar verda.

«Nå er det for seint å stanse utviklinga med å redde kloden» var overskrifta i dagsavisa. Det er ikkje lenger Dommedags profetar som skriv, men miljøekspertar.

Alle Evangelistane varslar at det er ein undergang, «Dei siste tider». I vår Apostoliske truvedkjenning seier vi om Jesus « … og (han) skal koma att for å døma levande og døde».

Då læresveinane bad Jesus gjera det klart kva tid Riket skulle koma, fortalde han om ei tid med forfylging, om hat på grunn av Hans namn, men også om at evangeliet skal ut.

« … og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma … »

Dette oppdraget er den største tillitserklæringa som er gitt oss menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Europa er kontinentet med lange kristne tradisjonar, og har vel forsøkt å vera læremeistrar for andre kontinent med å få evangeliet ut.

I kva grad har vi lukkast?

Eitt er i alle fall sikkert: Det er dei fattige kyrkjene i Sør-Amerika, Afrika og Asia som i dag har størst vekst.

Kvifor? Dei godkjenner alle som deler trua som fullverdige vitnar, og dei fleste tener til eige opphald. Alle kristne er arbeidar i Vingarden.

For meg var det ein tankevekkjar å høyra om firmaet E-land i Sør Korea. Dei dreiv kleskonfeksjon. Dei hadde fleire tusen i arbeid.

Dei som delte trua vart strategisk plassert i «systovene». Kvar kristen hadde minst ein som ikkje kjente kristendommen ved si side, slik at dei når høvet baud seg, kunne dei fortelje om si kristne tru.

På 1970 talet var Noreg landet i verda som sende ut flest misjonærar, i dag er det truleg Sør-Korea.

Dei er ustoppelege i å leite etter mogelegheiter til å få evangeliet ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Psykologen Mirka i Dominikanske Republikk, tok i august utfordringa om å gi dei fattige barna i nabolaget ei god oppleving i møte med forteljinga om Jesus.

Over seksti gatebarn vart med på leir i frisk havluft. For å gi dei gode måltid, gjekk ho direkte til dei store matkjedene for å få gratis mat.

I vår norske rikdom har vi bygd kyrkjer i ei prakt som gjer dei til verdsikon. Vi har hatt råd til å ha fulltids betalte arbeidarar med lang og grundig utdanning.

Men respekten for kristendommen taper terreng!

Fleire unge fryktar at dei vert forbigått i kampen om å få arbeid om dei nemner at dei er kristne.

Knapt nokon valkamp har reist så mykje motstand mot kristennamnet som den vi er i nå.

Kvifor denne religionen som er berebjelken i vår kultur og vårt demokrati?

Har det vorte ein vane, tradisjon, at kristendommen skal halde seg inne i dei lydisolerte romma?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat oss med frimot gå ut i den «ellevte timen». Herren sjølv har oppgåver til oss. Han vil også gi oss ei synleg oppreising.