Debatt
KORANEN: På bildet ser vi en norsk koran-oversettelse.
Håkon Mosvold Larsen/NTB
Kva fortel feila i Koranen?
Media i Iran rosar overfallet på Salman Rushdie, og ambassada seier Rushdie har skulda sjølv. Ut frå moralkoder, ideologi og retningsliner i Koranen er det nok rett - i alle fall i at terroren er rosverdig. Det same om ein nyttar Muhammed sine føredøme og ord frå medinatida. Til dømes «Eg er gjord sigerrik ved terror.» (Hadit, al-Bukhari, 4-52-220),
Men: Koranen fortel den er frå Allah (4/82, 13/39, 43/4, m.f.) og så perfekt og feilfri som berre ein gud kan (4/82, 20/52, 39/28).
Kva fortel då fleire hundre feil og sjølvmotseiingar i Koranen ingen gud ville gjera (til dømes «1000+ Mistakes in the Quran»)? Til dømes: Astronomien (7/54, 65/12) = den gamle gresk/persiske frå Muhammed si tid. Kaba bygd av Abraham (ca. 2ooo-1800 f.Kr.?) og sonen (2/127) - men den fyrste Kaba vart bygd av kong Asad abu Karb ca. 300 e.Kr. Sola går ned i ein søledam på Jorda (18/86) - ingen kommentar.