Debatt
FRISKULE: Lyngdal kristne grunnskule i Agder.
Astrid Dalehaug Norheim
Kristne skular – kampen om tru og tanke
Det er ingen tvil om at det i landet vårt som i Vesten i det heile, går føre seg ein veldig kamp om tru og tanke. Det har i stor grad vorte ein kamp mot kristen tru og tanke, og ein kamp for ei sekulær og materialistisk oppfatning. Dette ser vi dagleg i media, og vi ser det også i rettsvesenet.
I denne situasjonen har vi knapt noko betre reiskap frå kristen side enn å satsa på kristne friskular. Her kan dei oppveksande slektene få kristen kunnskap, og dei kan få hjelp til kristen tru og tanke. For meg er det svært underleg at ikkje fleire kristne foreldre ser den situasjonen som er i samfunnet generelt og i den offentlege skulen spesielt og ut frå det sender borna sine i kristne skular der det er mogleg, og arbeider for å få enda fleire slike åndssentera.
Eg fattar kort og godt ikkje at mange kristne foreldre ikkje ser situasjonen og gjer noko med det. Når det har gått nokre år og ein ser kva det gjer med dei oppveksande generasjonane, fryktar eg mange vil få ein «blåmåndag», og angra på at dei ikkje gjorde meir for å gje borna ei kristen oppseding, og då særleg ved kristne skular. Guds ord legg då også svært stor vekt på det med kristen opplæring. Gud og hans ord skal prentast inn i borna (5. Mos 6,4ff).