For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

KØ: Det er alltid betre å komme fram litt for seint i god behald, enn å ikkje komme fram i det heile, skriv Liv Kari Eskeland. Sommartrafikk ved Frognerkilen, Oslo.

Køyr varsamt!

Publisert Sist oppdatert

Så langt i år har talet på dødsulukker dobla seg samanlikna med i fjor. Denne dystre trenden kan ikkje halde fram.

Også i år skal truleg mange oppleve Noreg frå vegen. Mange vil måtte rekne med tid til kø og venting. Dette er fordi det blir bygd svært mykje ny veg, og det blir jobba med å ta att store vedlikehaldsetterslep. Dette er eit resultat av dei mange prosjekt som Solberg-regjeringa sette i gong, men som enno ikkje er sluttført. Dei skal gje auka trafikktryggleik og redusert reisetid for bilistar over heile landet. Men det betyr altså at vi i ein periode må finne oss i vegarbeid langs vegane våre.

Diverre har vi i 2022 sett tal på dødsulukker som vi hadde håpa å kunne sleppe. Eit dødsfall i trafikken er eit dødsfall for mykje. Skal vi nå målet om ein nullvisjon må vegbygginga halde fram, nye vegar er sikre vegar, der tal ulukker vert betrakteleg redusert. Likevel er det nokre faktorar vi aldri kan ta høgde for som er årsaka til mange ulukker, nemleg rus og uoppmerksomheit. Her har vi sjølv eit ansvar.

Powered by Labrador CMS