Debatt
PANDEMI: Folk flest synest ikkje å vera opptekne med om Gud har noko med saka å gjera, og frå kristent hald er det også lite eller ikkje søkjelys på det, skriv Johannes Kleppa. Her frå Covid-19-teststasjonen på Leangen i Trondheim.
Gorm Kallestad / NTB
Korona og Guds straff
I samband med ein pandemi av typen korona oppstår det lett mange og ulike tankar, både av religiøs og allmenn karakter. Det gjeld spørsmål knytta til sjølve pandemien og korleis denne oppstod, spørsmål knytta til vaksinar og vaksinering.
Det spenner frå det seriøst faglege via spekulasjonar til reine konspirasjonsteoriar. Nokre gonger synest eg alternative oppfatningar for lett vert avviste og delvis definerte som konspirasjon.
Vi skal ha tillit til styresmakta og innretta oss slik denne pålegg oss, men det er ikkje noko bibelsk krav at vi blindt skal vera samde med styresmakta. I andre land vel styresmakta delvis andre måtar for å hindra smitte på, enn vi gjer.