| Debatt
Korleis drøfte rett forståing av evangeliet?
AUDMJUK USEMJE: Når vi har så mange retningar (...), kva er det som gir meg rett til å diskvalifisere andre sitt syn, spør Harald Myklebust.
Tarjei Gilje
Eg kjenner på ei viss smerte og forvirring når eg les denne drøftinga av evangelisk-luthersk og romersk-katolsk forståing av og omkring dette med rettferdiggjeringa og helginga for ein kristen. Dagens ord i Bibelleseplanen gav meg frimot til å sette dette på trykk: «Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er kommen i kjøt og blod, er av Gud» (1 Joh 4,29). Det er kjærleikens apostel Johannes som skriv.
Når vi har så mange retningar (som ser så ulikt på sider i evangeliet), kva er det som gir meg rett til å diskvalifisere andre sitt syn? Både mellom katolske kyrkjer, lutherske kyrkjer og reformerte kyrkjer er det store og vanskelege utleggjingar av kva som er grunnleggjande rett i forståinga av Ordet omkring dette med nåden åleine.
Lat oss vere audmjuke i usemja! Vi må bere respekt for konklusjonar som andre kjem fram til, for så sjølv å bli respektert, og det utan å gå på akkord med det ein sjølv står for. Var det ikkje eit «kvast ordskifte» under det første apostelmøte, der ein i t.d. forståinga av korleis hedningekristne skulle forhalde seg til omskjering, før ein drog ut med evangeliet til «jordas ender»?