Debatt
KIRKEVALG: Ved valget i 2019 kunne velgere stemme på kandidater fra Bønnelista og Åpen folkekirke, men også fra nominasjonskomiteens liste. Her fra Os utenfor Bergen.
Birgit Opheim
Kor har Jesus blitt av, Open folkekyrkje?
Eg har lese gjennom framlegget til Open folkekyrkje (OF) sitt valprogram for 2023-27, og eg blir imponert over alle gode føremål som OF vil arbeida for, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Alle skal kjenna seg velkomne, kyrkja som organisasjon skal utviklast vidare, og kyrkja skal vera med å motarbeida utanforskap og byggja gode fellesskap. Veldig mykje av det som er konkretisert i over 60 kulepunkt(!), er svært bra.
Men di meir eg las, di meir begynte eg å undra meg.
For det er no ein gong slik at når så mange ting blir viktige, er det til slutt ingen ting som er viktig. Og spørsmålet eg sat igjen med, var dette: Kva er det eigentleg som er viktig for OF.