For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

OFFENTLEG PÅVERKNAD: Det offentlege har lagt seg til ei enormt sterk påverknad på dette feltet, slik at den klassiske og biologiske forståinga av kjønn og alt som ligg i det, vert nedbroten, skriv Johannes Kleppa. Her heisar ordførar i Oslo, Marianne Borgen, regnbogeflagg på Rådhusplassen i anledning Oslo Pride 2016.

Konverteringsterapi – kva vil staten egentlig forby?

Publisert Sist oppdatert

Alle offentlege organ, både av politisk, byråkratisk og forvaltningsmessig karakter, er svært opptekne av å forby noko som vert kalla «konverteringsterapi» med tanke på seksuell orientering og kjønnsidentitet. Samstundes er det slik at dei same organa driv omfattande nasjonal konverteringsterapi, men med motsett forteikn av det dei vil forby, og dei gjer det med tvang.

Det er knapt nokon her i landet som vil vedkjenna seg ordet «konverteringsterapi», og enda mindre at dei driv med det. Difor er det svært vanskeleg å få tak i kva styresmakta vil forby, ved å forby dette, og dei har store problem med å forklara dette opp mot vanleg personleg samtale og rettleiing, sjelesorg og bønn. Ved å bruka eit så upresist og udefinert omgrep, vil ein lett forby meir enn det som ligg i omgrepet – og det synest også at det er noko av målet.

Det samansette ordet «konverteringsterapi» er eit merkeleg omgrep. Ordet «konvertering» er primært eit religiøst uttrykk og vert brukt om folk som endrar trushaldning, anten det er lutheranarar som konverterer til katolsk tru, eller det er muslimar som konverterer til kristendommen.

Powered by Labrador CMS