Debatt
HELTEMODIG: Ukraina er i ein ufatteleg dramatisk og lidingsfull situasjon. Folket kjempar heltemodig, skriv Johannes Kleppa.
Alexei Alexandrov / AP / NTB
Kongens nei og krigen i Ukraina
Krigen i Ukraina er grufull, og alle menneske av god vilje må arbeida for at den tek slutt. Det må også vera ei konstant bøn frå alt kristenfolk. Samstundes må krigen avsluttast på ein måte som skaper ei god framtid for folket i Ukraina og i Europa i det heile. Det må koma til ein rettferdig fred. Ukraina som fører rettferdig forsvarskrig, må ikkje pressast eller lokkast til ein urettferdig fred.
Det er Russland som har starta krigen, og landet fører ein urettferdig krig. Det ligg til den som har starta krigen å avslutta. Den som fører ein rettferdig forsvarskrig, kan ikkje avslutta krigføringa utan vidare, i så fall vil det verta ein urettferdig fred. Det vil innebera ein fred med okkupasjon, undertrykking og mangel på fridom. Over tid kan det vera ein verre situasjon enn ein periode med krig.
Bibelen lærer oss at Gud har sett grenser mellom folk. Det er for at ein skal kunna leva i fred og fridom, og for at ein skal søkja Gud. Vert ikkje landegrensene respekterte, vil det alltid føra til ufridom og liding.