Debatt
EIGENBEREDSKAP: Det er viktig å tenkje over kva som kan skje viss straumen forsvinn, vegen blir stengt, mobil- og internett sluttar å fungere eller om medisinforsyningane stoppar opp ei tid, skriv Jenny Klinge.
Ragne B. Lysaker / Senterpartiet
Kommande kriser – for deg sjølv og samfunnet
Har du tenkt over at du med god eigenberedskap kan redusere omfanget av kommande kriser, både for deg sjølv og samfunnet elles?
Då min vesle familie flytta inn i huset vårt for over ti år sidan, sørgja vi for at den eine vedomnen var ein vedkomfyr der vi kan koke og steike mat viss behovet oppstår. Kommentaren frå naboen var: «Vi har utedass, men ikkje vedkomfyr, kanskje vi kan samarbeide viss straumen forsvinn vinterstid?»
Eg vaks opp med foreldre som opplevde den andre verdskrigen. Dei fortalde ofte om kva dette innebar og var opptekne av å vera førebudd på nye kriser. Derfor har eg både heime og som folkevalt hatt eit særleg engasjement for beredskap. Det er viktig å tenkje over kva som kan skje viss straumen forsvinn, vegen blir stengt, mobil- og internett sluttar å fungere eller om medisinforsyningane stoppar opp ei tid.
Som tidlegare mangeårig medlem av justiskomiteen for Senterpartiet har eg vore pådrivar både for å innføre ein årleg eigenberedskapskampanje og å nedsette ein totalberedskapskommisjon. Heile Stortinget samla seg bak forslaget om den årlege kampanjen før regjeringsskiftet i 2021. Eg er glad for at dette no er på plass og at vår regjering også sette ned ein totalberedskapskommisjon. Denne har gitt oss gode råd om kva politiske grep som bør gjerast framover, og det skal koma ei stortingsmelding om temaet.