RADIKAL KJØNNSTEORI: Framover vil den offentlege skulen vera talsmann for radikal kjønnsteori, med dei skadeverknadene det har på det personlege planet, for ekteskap og familie, for samfunn og kultur.

Kjønnsindoktrinering i skulen

Det som skjer i lovverket, vil over tid verta integrert i heile samfunnet, særleg i skule og oppseding. Det går likevel ei tid før det skjer, fordi det som er i lærebøker og læreplanar må byttast ut med det nye.

No er tida inne for at denne endringa skjer i norsk skule i stort omfang når det gjeld den nye kjønnstenkinga, altså det som gjeld kjønnsidentitet og ekteskapsforståing.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I samband med innføringa av den nye skulereforma som vert kalla Kunnskapsløftet, vert det laga nye lærebøker. I Dagen 14. september hadde Eivind Gjerde ein presentasjon av Aschehoug sitt nye læreverk i samfunnsfag, «Arena», med tanke på det som vert lært om samliv og seksualitet, under tittelen «Radikal kjønnsteori i skolebøkene».

Han gir eksempel frå lærebøkene for 5. - 9. klasse, og eg refererer litt frå dette med nokre kommentarer.

Les også
Radikal kjønnsteori i skolebøkene

Det er skremande lesnad, og det som skjer, bør vera eit sterkt vekkarrop til alle foreldre, og særleg til kristne foreldre. Den nye kjønnstenkinga skal altså påførast våre barn frå dei er 10-11 år, og fylgja dei gjennom heile utdanningsløpet. Det er foreldra som har ansvaret for oppseding av barna sine. Det ansvaret har dei også for den undervisninga ein utset barna sine for i skulen.

Barn i 5. klasse vert innprenta at alle i Noreg har rett til å endra sitt juridiske kjønn, om ein ønskjer det, og at det ikkje er kjønnsorgan eller oppseding som avgjer korleis ein opplever sin identitet. I læreboka er det oppgåver for at barna skal få testa ut sin eigen kjønnsidentitet.

Det er ein nytale med tanke på kjønn, ved at den normale kjønnsidentiteten vert omtalt som «cisperson», til forskjell frå å vera transperson eller binær/ikkje-binær. Boka presenterer så talspersonar for desse tre gruppen. Cispersonen, altså det normale, får ei side, medan dei to andre får to sider kvar. Prioriteringa er tydeleg, og det gjeld også i biletbruk og titlar. Det inneber også oppgjer med klassisk kristen tenking på området.

Framover vil altså den offentlege skulen vera talsmann for radikal kjønnsteori, med dei skadeverknadene det har på det personlege planet, for ekteskap og familie, for samfunn og kultur. Som Gjerde skriv, vert skulen «gjort til redskap for en indoktrinering uten sidestykke i historien», og det av antikristeleg karakter. Denne situasjonen viser kor viktig frie kristne skular er, og at desse må prioriterast.

Det som no skjer, må både kristne foreldre og kristne lærarar ta på stort alvor. Det er ei grense for kva bibelforplikta lærarar kan medverka til i skulen, og det er ei grense for kva bibelforplikta foreldre kan utsetja barna sine for. Samvitet må forpliktast på den kristne etikken.

Den situasjonen kan no raskt koma, der kristne lærarar i den offentlege skulen må nekta å formidla til elevane som sanning det lærebøkene i samfunnsfag lærer – kosta kva det vil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der det er kristne friskular kan og bør kristne foreldre velja dei i enda større grad enn før. Det står om barna sin identitet.

Der det er kristne friskular kan og bør kristne foreldre velja dei i enda større grad enn før. Det står om barna sin identitet. Der ein ikkje har dette alternativet, må kristne foreldre syta for at barna ikkje vert kjønns- og identitetsforvirra ved undervisninga i skulen. Foreldre må ta ansvar med å undervisa barna heime, og om nødvendig ta dei ut av undervisninga i dei aktuelle timane.

Det er viktig at alle fylgjer godt med i kva som skjer i skulestova, og held seg orienterte om kva som står i lærebøkene når det gjeld ideologisk avgjerande spørsmål.

Teksten vart først publisert på misarepta.no.