Debatt
KJØNNSNØYTRALT: Er for få kjønnsnøytrale toalett på UiS eit reelt problem, spør innsendaren.
Adobe Stock
Kjønn: Utfordringa er å fastsetja skilje mellom tru og vitskap
22. september 2023 hadde 5 studentar og 61 tilsette ved UiS eit innlegg i Aftenbladet der dei etterlyser tiltak på universitet for å gje ein betre studie- og arbeidskvardag for studentar og kollegaer.
Dei viser til undersøkingar som fortel at «mange LHBT+-personer fortsatt unngår å være åpen på arbeid og i skolen». Den eine av dei to undersøkingane er basert på 200.000 spørsmål og svar frå nettstaden ung.no. Den viser at «mange unge fortsatt føler seg usikre og frykter omverdenens reaksjoner dersom de kommer ut som skeive.»
«Slik skal det ikke være når man studerer eller jobber ved UiS i 2023», seier dei vidare. Nei, denne nettstaden har born/unge i alderen 12-19 år som målgruppe.