Debatt
KJÆRLEIKSSPRÅK: Eg meiner det burde vere relativt enkelt å påvise at bodskapen i boka ikkje er i tråd med det som Bibelen lærer om kjærleik og relasjonar, skriv Marcus Johannessen.
Frank May / NTB
Kjærleikens fem språk
Det er underleg å sjå at boka «Kjærlighetens fem språk» har nådd debattspaltene i Dagen no i 2024. Sjølv huskar eg godt tittelen, som var populær i det kristne studentmiljøet i mi studenttid for rundt 15–20 år sidan. For eigen del las eg boka i 2009, men utan å verte overtydd. Og eg meiner det burde vere relativt enkelt å påvise at bodskapen i boka ikkje er i tråd med det som Bibelen lærer om kjærleik og relasjonar.
Litt enkelt forklart er vel konseptet med dei fem kjærleiksspråka at ein skal identifisere sine eigne behov for stadfesting. Slik at ein kan gjere partnaren sin merksam på korleis han kan gje kjærleik på «mitt språk». Og omvendt, syte for at eg gir kjærasten min kjærleik på han eller hennar sitt språk, og dermed byggje forholdet vårt gjennom forståing og stadfesting av kvarandre. Intensjonen er sjølvsagt god.
Men sett på spissen: Dette fokuset på meg og mine behov og forventningar, kva eg ynskjer meg, kva eg treng, kva eg bør få og korleis eg bør få det. Er ikkje dette ei form for individualisme som djupast sett set meg sjølv i sentrum? Og har vi ikkje eit eige ord for denne tankegangen? Nemleg egoisme?