| Debatt
Katolikkar i eit luthersk rom
OSLO KATOLSKE BISPEDØMME: Sankt Olav domkirke er katedralen til Oslo katolske bispedømme.
Hans Christian Bergsjø
Tre NLA-tilsette katolikkar (Dag Øivind Østereng, Kim Larsen og Peder K. Solberg), som har ytra seg i debatten om katolsk og luthersk kristendomsforståing og NLA-tilsette katolikkar sitt forhold til NLAs sin lutherske basis, har skrive eit felles innlegg mot mine synspunkt. Sjølv om eg tenkte å setja punktum for debatten frå mi side med mitt førre innlegg, fortener desse tre sin artikkel ein tilsvar frå mi side. Bernt T. Oftestad skriv i ein kommentar at det er eit «klart og velfundert svar» til meg, men eg opplever det litt på sida av saka.
Dei har rett i at forskingsfridomen ber i seg formidlingsfridom. Det oppdaga eg for seint at ikkje kom med i mitt førre innlegg, så det er fint å få presisert det. Formidlingsfridommen står primært i forhold til forskinga, og er ikkje ein absolutt ytringsfridom. I denne debatten har dette difor lite å seia, fordi det som er formidla av desse tre, ikkje er forskingsbasert, men er formidling av konfesjonell katolsk kristendom og angrep på luthersk, ut frå personleg overtyding.
Ytringsfridomen er generell, men har sine avgrensingar i forhold til den posisjonen ein har. Ein katolsk prest kan ikkje dosera eit baptistisk dåpssyn, korkje frå preikestolen eller i media, like lite som ein pastor i ei pinsekyrkje ikkje kan forfekta eit katolsk dåpssyn.