For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

TRYGGARE JUL: IOGT arbeider for å få redusert alkoholkonsumet og har no Kvit jul-aksjonar landet rundt, skriv innsenderane.

Kan julefeiringa endrast?

Publisert

Tal frå Helsedirektoratet syner at i Norge er det om lag 90.000 barn som lever med foreldre som drikk for mykje alkohol i jula. Truleg er det dobbelt så mange som har foreldre med eit risikofylt alkoholforbruk. I Norge vert det gjerne ofte brukt alkohol i samband med ferie og høgtid. Omsetninga på Vinmonopolet er i desember det dobbelte av omsetninga ein månad elles i året. For mange barn vert det jul med utryggleik og fyll.

Jula er barna si høgtid. Det er forventningar og spenning knytt til julefeiringa, og barna gler seg lang tid i førevegen. Barna fortener då og at vi vaksne set deira behov først. Noko av det viktigaste for barna er tryggleik og stabilitet, og ikkje minst det å få vere saman med vaksne som oppfører seg normalt og er hyggelege.

Heldigvis meiner dei fleste at ein skal vere restriktiv, eller la vere å drikke alkohol når ein er saman med barn, men det syner seg at koronaepidemien har ført til at fleire enn før drikk heime i kvardagen og saman med barn. Det ser ut til at fleire har flytta grensene, og at aksepten for å drikke saman med barn har auka.

Powered by Labrador CMS