For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

LAV PROFIL: Espen Ottosen (biletet) er blant kristenleiarane som ikkje ynskjer å uttala seg klart om den pågåande krigen i Midtausten. Det meiner Johannes Kleppa er underleg.

Johannes Kleppa: Nedslåande lesnad om Israel og kristenleiarane

Publisert

Dagen hadde nyleg ein reportasje der spørsmålet var korleis kristenleiarar stiller seg til krigen mellom Hamas og Israel. Det var nedslåande lesnad, nesten sjokkerande. Gjennomgangstonen var at dei ikkje ville uttala seg om krigen, men at dei var svært opptekne av situasjonen. Dette meiner eg er å dra seg unna eit etisk ansvar.

Underteikna er formann i den relativt nye og vesle misjonsorganisasjonen Misjon Sarepta. Med det er eg misjonsleiar, om enn i relativt beskjeden målestokk. Kvar veke skriv eg ein artikkel på heimesida til Sarepta under vignetten Ettertanke. Denne er meint som åndeleg rettleiing på vegner av Sarepta.

Nokre av artiklane sender eg også til Dagen, som har brukt å ta dei inn. Her har eg i det siste skrive tre artiklar om krigen i Israel og Gaza, og ulike sider ved denne. Frå Sarepta si side har vi med det uttalt oss nokså tydeleg i saka, og eg har fått relativt mange positive tilbakemeldingar på det frå ulike hald.

Powered by Labrador CMS