For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

JØDANE: Når vi i mai minnest våre fridomskampar og markerer våre dagar, sømer det seg å hugsa på at i vårt land gjorde dei fleste av oss lite og ingenting for å berga jødane som budde hjå oss, skriv Paul Odland.

Jødiske merkedagar på rekke og rad

Både når ein les Bibelen og jødisk soge elles, ser ein kor sentral byen Jerusalem er i tenkning og medvit. Byen står for noko heilt særeige; og byen og bynavnet er brukt i mange songar og salmer, som uttrykk for von og lengt, for glede og fellesskap, for himmel og evig sæle.

Publisert Sist oppdatert

I nyare tid har det vakse fram mange nasjonale merkedagar i jødisk samanheng. Fire av dei kjem på vårparten. Her vil vi kort omtala desse, og ta med datoane for dei i 2018, etter vår tidsrekning. Felles for dei er at feiring og markering ofte tek til kvelden før; på same måten som sabbaten tek til fredag kveld.

Jom Ha’shoa. Den første kjem på den 28. i den jødiske månaden Nisan; hjå oss den 12. april. Jom Ha’shoa er namnet på minnedagen for Holocaustofra. Namnet kjem av det hebraiske ordet Shoah, som tyder katastrofe. På denne dagen er alle underhaldningsstadane i jødiske miljø stengde, og om kvelden lyder ein sirene. Alle reiser seg og er stille i to minutt.

Dagen må ikkje blandast saman med 27. januar, som er den internasjonale minnedage n etter Holocaust-ofra, og som vert markert mange stader også i vårt land.

Powered by Labrador CMS