| I Fokus
Jesus utan kyrkje
ETTERFYLGJARAR: I sekulariseringa sin tidsalder har slagordet «Ja til Jesus, nei til Kyrkja» fått fornya interesse. Unge menneske sluttar seg til slagordet «Jesus vil ha etterfylgjarar, ikkje kyrkjer», skriv Ottar Mikael Myrseth.
Adobe Stock
Kyrkjene er i tilbakegong. Indre strid, skandalar, liberalisering og fornekting har skada omdømet. Tilliten til kyrkjene visnar i same grad. Men nye generasjonar stiller nye spørsmål. I sekulariseringa sin tidsalder har slagordet «Ja til Jesus, nei til Kyrkja» fått fornya interesse. Unge menneske sluttar seg til slagordet «Jesus vil ha etterfylgjarar, ikkje kyrkjer».
Det noko sjølvmotseiande her. For det fyrste: Til eitkvart innhald, svarer ei form. Fotballsupporterar treng fotballklubb, truande treng kyrkje.
Jesus gav oppdrag ikkje til tolv enkeltpersonar, men til kollektivet apostlar. Mange av dei hadde feila og vist seg som nærast ueigna. Dei hadde vandra ilag, delt mat og samtalar, dagar og år. Dei hadde svikta han, til og med svike han. Men han reiste dei opp og satsa på dei.