Johannes Kleppa skriver sine innspill i Dagen hver uke.

Jesus den einaste – buddhisme og meditasjon

Bibelen seier oss at det er Jesus som viser oss kven Gud er, og der Jesus ikkje er, er det ingen sann Gud.

I 1989 hadde eg gleda av å vera med på den store misjonskonferansen for Lausannerørsla i Manila. Eg har mange og sterke inntrykk frå konferansen.

På det teologiske området sitt nok understrekinga av Jesus som den eineståande og den einaste i frelsesspørsmålet sterkast i minnet. Det vart understreka at det er her hovudslaget i misjonsteologien vil stå framover. Det har vist seg å vera rett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I samband med denne konferansen vitja vi også Areopagos sitt senter i Hong Kong. Dette senteret rommar mykje kunnskap og erfaring i møte med ulike religionar, ikkje minst buddhistisk tru og tenking. Her vert det lagt stor vekt på religionsdialog, og det å forstå andre religionar frå innsida og finna tilknyttingspunkt for kristen tru og kristent vitnemål.

Diverre er det slik at i dette arbeidet har mange eit for positivt syn på religionane og religiøsiteten generelt.

Det vert i praksis slik at ein kan gå frå sin eigen religiøsitet og til sant gudssamfunn. Det skjer via ulike typar religiøs praksis, særleg meditasjon. Då tek ein ikkje syndefordervet på fullt alvor når det gjeld gudserkjenninga, og ein tek då heller ikkje på fullt alvor den bibelske openberringa og at det berre er gjennom Jesus, slik vi lærer han å kjenna gjennom Guds ord i Bibelen, at vi kan ha samfunn med Gud.

Denne problemstillinga kom nokså tydeleg fram i Dagens intervju med Areopagos-prest Tore Laugerud laurdag 24. januar.

Han hevdar buddhistar møter den treeinige Gud når dei gjennom meditasjon når fram til det som kallast «opplysninga».

Han viser ikkje til noko bibelord som lærer dette, fordi det finst ikkje. Det er ein reint religionsteologisk tenkjemåte, og det undergrev den bibelske openberringa av Jesus Kristus og hans frelsesverk. Det er berre ved openberring vi kan læra Jesus og frelsa rett å kjenna, og denne finn vi i Bibelen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein buddhist vil sjølv ikkje tenkja slik Laugerud her gjer, fordi ein buddhist ikkje er oppteken med ein personleg gud. Buddhismen er meir ein religiøs filosofi og tenkjemåte enn det er eit møte med ein guddom.

Den tenkjemåten som Tore Laugerud her gjev uttrykk for, er ei form for utviskinga av ulikskapar mellom religionar som korkje kristendommen eller buddhismen er tent med – og det fører inn på ein avveg i frelsesspørsmålet.

Bibelen seier oss at det er Jesus som viser oss kven Gud er, og der Jesus ikkje er, er det ingen sann Gud. Bibelen lærer oss også at Anden og apostlane skulle forkynna oss Jesus og visa oss kven han er, og kva hans gjerning er.

Der apostlane og Anden ikkje gjer denne gjerninga, møter vi ikkje den sanne Jesus. Denne openberringa av Gud Fader og Jesus Guds Son finn vi berre i Bibelen, ikkje i nokon religion eller filosofi. Jesus er eineståande og han er den einaste vegen til Faderen – og då slik vi møter han i Guds ord i Bibelen, ikkje gjennom ein eller annan religiøs meditasjon.

Les også
Vil vi møte buddhister i himmelen?
Les også
En andakt som ikke er en andakt
Les også
Mindfulness og hvilen i Gud
Les også
Halve Norge berNorsk bønnUndersøkelsen
Les også
Retter bønnen mot BuddhaNorsk bønn