Jerusalem – Guds demonstrasjonsby

Antisemittismen og nedrakkinga av Israel viser kor viktig det er at Israel er ein nasjonalheim for jødefolket, og at Jerusalem er deira udelte hovudstad.

Jerusalem er ein av verdas eldste byar, men også ei av dei mest omstridde. I år er det 50 år sidan byen vart atterobra av Israel, og på ny gjort tilIsraels udelte hovudstad.

Det skjedde om lag 2800 år etter at David erklærte byen som Israels hovudstad, og nesten 2000 år etter at romerane øydela byen. Det er særmerkt i verdhistoria, og frå kristent hald må ein sjå Guds finger i dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gud har knytt sine lovnader til denne byen, det gjeld frelseslovnader og lovnader til Israel som land og folk. I ein svært interessant og opplysande artikkel i Bibelsk Tro nr. 2/17 skriv Jon Olav Østhus om «Jerusalem – 50 år siden byen ble gjenforenet».

Der går han inn på historiske og bibelske forhold knytt til byen. Vi vil gjerne sjå atterobringa av Jerusalem som endeleg, og som del av detBibelen seier skal skje i endetida. Eg er også blant dei som tenkjer slik, men ut frå korleis Gud har handla med byen i over 3000 år, må vi vera litt varsame med å slå dette absolutt fast.

Østhus minner om at ingen by i heile verda har hatt eit meir omskiftande tilvære enn Jerusalem. Han har vorte øydelagt to gonger, beleira 23 gonger, angripen 52 gonger, erobra og atterobra 44 gonger. Då kan jo det siste skje ein gong eller to til!

Det er sagt at Jerusalem er både jødar, kristne og muslimar sin by. Det siste er underleg, fordi byen er ikkje nemnt ein einaste gong iKoranen. Derimot er han nemnt 690 gonger i GT og 144 gonger i NT.

Ein reknar med at Abraham var den første jøden som kom dit då han vart velsigna av Melkisedek for omlag 3800 år sidan. Det var også her, på Moria-berget, Abraham var for å ofra Isak. Begge delar er svært tydelege førebilete på Jesus og hans offer.

Det var om denne staden Gud sa: «På Herrens berg skal han la seg sjå.» (1 Mos 22,14). Det skjedde på ein særleg måte ved Jesus liding og død for vår skuld på Golgata, og hans sigerrike oppstode. Det er også her Jesus skal syna seg ved atterkoma si, ved at han på eit eller anna vis set føtene sine på Oljeberget.

Det har stått og det står strid om Jerusalem, langt meir enn om noko annan stad på jorda. Det heng nok saman med at det er her Gud har late seg sjå, og vil la seg sjå i Kristus Jesus.

Av denne grunnen er det heller ingen politikar eller styresmakt som fullt ut vil klara å ordna opp i problem knytt til Jerusalem. Både Gud og Satan har for stor interesse i byen til det. Til sist vil Gud ordna opp. Det skjer ved Jesu atterkome.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I mellomtida må ansvarlege styresmakter gjer det dei maktar for å skapa fred og leveleg kår for alle i Jerusalem og i Midtausten i det heile, og då særleg for det jødiske folket.

Antisemittismen og nedrakkinga av Israel viser kor viktig det er at Israel er ein nasjonalheim for jødefolket, og at Jerusalem er deira udelte hovudstad. «Jerusalem tilhøyrde oss medan London var ei myr»,» utbraut Chaim Weizmann til Arthur Balfour.