Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

POLARISERANDE: Problemet er at stadig fleire stemplar alle oss som ikkje vil vifte med Pride-flagget som intolerante, hatefulle homohatarar, skriv Jenny Klinge.

Jenny Klinge: Pride – frivillig eller tvang?

Publisert Sist oppdatert

Det er problematisk med tanke på meinings- og ytringsfridomen vår når det breier om seg ein moralsk tvang til å markere Pride. Bruk av regnbogeflagget i alle moglege samanhengar fungerer dessutan meir ekskluderande enn inkluderande og stikk imot verdiar som nettopp toleranse og mangfald.

Det var klokt og inkluderande av kommunedirektøren i sunnmørskommunen Ålesund å bestemme at Pride-flagget ikkje skal veive på skulane der. Dessverre har ikkje storparten som varmhjarta støttar Pride sett seg inn i kva ideologi som ligg bak. Somme av desse er i harnisk mot kommunen no.

Å ytre seg kritisk til Pride er no den sikraste måten å få buing og fordømmande peikefingrar retta mot seg. Paradoksalt nok frå folk som har oppnemnt seg sjølve til dei aller mest tolerante. Det utviklar seg såleis ein aukande intoleranse mot andre i toleransens namn.

Powered by Labrador CMS