Debatt
FORSVAR: Israelarane sin stilling er forsvar. Dei ser ikkje andre alternativ, fordi forsvarskampen er eksistensiell, skriv Lars Nessa. Bilete viser rakettutskyting frå Gaza mot Israel søndag 8. oktober.
AP Photo/Fatima Shbair
Israelske skyttargraver
Nokre kommentarar til Ole Bjarne Amdahl sitt innlegg i Dagen 05.12.: «Norske Israelsvenner bør unngå å hoppe ned i de israelske skyttergravene»
Amdal brukar ordet «skyttargraver» i overført tyding, men omgrepet fører tankane mine mot realitetane som Israel og det jødiske folket står ovafor: ein kamp for å overleva som land og folk.
I Dagen av 16.11. kan me lesa ein uttale frå medlem av Hamas-leiinga, Ghazi Hamad, kor han sa at Hamas vil gjenta 7. oktober-åtaket igjen og igjen. Han er referert slik: «Israel er et land vi ikke har plass til. Vi må fjerne det landet fordi det utgjør en militær usikkerhet og en politisk katastrofe for den arabiske og islamske nasjonen.»