FIRE TUSEN ÅR: «Historia om israelarane i Palestina starta ikkje for hundre og femti år sidan. Den starta for fire tusen år sidan», skriv Kjell Helland.

«Israel okkuperer palestinernes land»

Ja, slik konkluderer Mads Nordtvedt i ein velskriven artikkel i Dagen den 15. juli. Og etter det han der fører til torgs av argument, kan han heller ikkje koma til ei anna endelykt.

Les også
Israel okkuperer palestinernes land

Alt verkar så klart, korrekt og logisk, men eit ord frå Ordtøka (18:17) rann meg likevel i hug etter lesinga: «Den som talar fyrst i ei sak for retten, tykkjest å ha rett, men …»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hadde historia om israelarane i Palestina starta med jødane si kolonisering frå slutten av 1800-talet, så er det klart at då hadde dei hatt ei dårleg sak, då hadde det sett mørkt ut. For då hadde dei ved landkjøp og erobring kara til seg andre sitt territorium.

Men saka er at historia om israelarane i Palestina starta ikkje for hundre og femti år sidan. Den starta for fire tusen år sidan, då Abraham tok ut frå Ur i Kaldea for å reisa til landet Gud ville gje han.

Han kom til det som då heitte Kanaan, det som ei tid òg har vorte kalla Palestina. Så gjekk lovnaden om landet vidare til son hans; Isak, og igjen vidare til son hans; Jakob.

Denne Jakob var det som fekk namnet Israel. Han fekk tolv søner, og desse vart stamfedrene til dei tolv israelsættene. Etter firehundreårsnatta i Egypt og landnåmet ved Josva fekk desse stammene kvar sine område i landet.

Dei som budde i Kanaan før tolvstammefolket kom, miste landet sitt. Ikkje tilfeldig og heller ikkje på slump. Gud er ikkje urettferdig. Dei miste landet av ein heilt spesiell grunn: syndemålet deira var fullt. Det kan me merka oss.

Les også
Derfor er det feil å si at Israel okkuperer eget land

Vidare kan me minna kvarandre om at Gud gjennom profeten Amos (9:4) har lova å gjenreisa Davids falne hytte.

Så det som har skjedd frå den første spe kibbutzbygginga og vidare gjennom innvandring, etablering av staten Israel og det som har gått føre seg etterpå, er ikkje okkupasjon, men gradvis oppfylling av ein lovnad; at Israelsfolket igjen skal få hand om område gitt dei av Gud, område som har lege vanstelte og forsømte i hundrevis av år.

Det heile er startfasen av gjennoppbygginga av denne Davids falne hytte, som skal bli mykje større enn ho er i dag…

Artikkelen fortsetter under annonsen.