Debatt
DEBATT: Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Høyre-leiar Erna Solberg i duell under partileiardebatten i Arendal kultur- og rådhus under Arendalsveka tidlegare i august.
Heiko Junge / NTB
Israel og det jødiske folket er som i ei skrustikke
Det jødiske folket veit ikkje sitt eige beste, men det veit den norske regjeringa.
Det siste året har eg skrive om Israel fleire gonger, men eg gjer det enda ein gong. Frå ei side sett er det ikkje noko nytt å skriva om, fordi krigen i Gaza framleis held på og kritikken mot Israel er vedvarande.
Samstundes er det slik at Israel og det jødiske folket er som i ei skrustikke som stadig vert pressa meir saman. Det er forunderleg å høyra kva som vert sagt og sjå kva som vert gjort. Det er som ein ikkje trur sine eigne augo og sine eigne øyra, sjølv om ein har vorte van med å høyra og sjå det meste.
Midt i Israel sin forsvarskrig mot terrororganisasjonen Hamas etter det blodigaste angrepet i Israels nyare historie, finn Noreg det for godt å anerkjenna det ikkje-eksisterande landet Palestina. Det kom raskt takk og gratulasjonar frå Hamas, naturleg nok. Det var jo som eit handslag til Hamas og deira kamp mot Israel, sjølv om det naivt nok ikkje var meint slik.