Analyse
Islam er både blitt meir synleg og meir omstridt i USA 25 år etter 9/11
Talet på muslimar og moskear i USA er meir enn dobla. Samstundes har skepsisen til islam auka.
ISLAMSK BØN: Muslimar samla i Brooklyn i samband med høgtida eid i mars i år.
Adam Gray / AP / NTB
Denne veka er det 25 år sidan to fly brasa inn i tvillingtårna i World Trade Center i New York. Hendinga var så dramatisk at mange som er gamle nok, aldri kjem til å gløyme kvar dei var då dei fekk høyre om det.
Eg var ved brødhylla på Rema 1000 på Danmarksplass, eit steinkast frå Dagen-huset, då eg fekk tekstmelding frå ein kamerat. «Det er krigstilstander i USA», skreiv han. Å fatte det eg las var vanskeleg.
«Islam er fred»